søndag 21. september 2014

Konfirmantweekend

Ein kjekk konfirmantleir er over, og bildene er sortert... Her er nokre glimt frå helga på Gullingen:


Innrykk fredag kveld. Det er mykje bagasje som skal på plass!


Leik på idrettsbana, både før og etter at det vart mørkt.


Risikosport:


Presten viser korleis ein finn fram i Bibelen:


Klare for uteaktivitetar laurdag føremiddag. Først ut er 50-leiken - sporløp med 50 postar spreidde rundt om på leirplassen. 


Ei gruppe er inne for å melde frå svaret sitt, trille terningen og få vite kva post dei skal finne no.


Risikosport #2:



Også ungdomane fekk prøve seg på øksekasting, men først var det grilling i lavvoen:


Her er det balanseevna som vert sett på prøve. Dette er ein av postane i teambuildingskonkurransen vår:


Heile laget, på åtte, skal flytte seg ei bestemt strekning ved hjelp av seks bruskasser, og utan å komme nedi bakken. Utfordrande!


Risikosport #3: Kiosk-kø!


Så er vi klare for kampkveld. HMS (Hans Majestet Sikkerhet) er på plass... 


Kampkvelden er rimeleg intens. Alle ungdomane skal vere med på ein konkurranse, og det vert konkurert i mange vidt forskjellige øvingar. Alt frå ein slags henteleik, finne ingrediensar i ei hemmeleg blanding, presisjonsdropp av seigmenn og eplefisking i gryter med vatn...

Dagen vert avslutta med kveldssamling og lystenning:


Frukost søndag morgon. Det var mange trøytte å fjes å sjå. Dei fleste hadde sove lite, nokon hadde ikkje sove i det heile teke...


Ein konfirmant syns det var urettferdig at eg gjekk rundt og tok bilder av alle dei trøytte ungdomane, og så var det ingen som tok bilder av meg... Så her er leirens einaste bilde av fotografen (som hadde sove sju og ein halv time og var vel utkvilt!)


Etter frukost var det pakking og rydding. Alle bagasjen vart køyrt ned til Gullinghuset, der vi avslutta med gudsteneste.


Det var ein fin gåtur frå leirstaden og ned til Gullinghuset. Få ting kan slå ein haustmorgon på fjellet!


Og så, etter ei gudsteneste der ungdomane var deltakande i arrangeringa, sa vi takk for helga og drog kvar for oss. Det såg ut som ungdomane hadde det kjekt - håpar inntrykket var korrekt!

Ingen kommentarer: