søndag 14. september 2014

Luftig sommardag

Sommaren har heilt tydeleg ikkje gitt opp endå. Denne helga har vore som ei god helg i juli. Bortsett frå noko meir gult lauv på trea...


Lise, Signe og eg var på sommarfugljakt i hagen. Det er ganske mange admiralar som svirrar rundt på blomane, og målet var å klare å få to på same bildet. Etter x tal forsøk, lukkast vi til slutt:


Ein blir sliten av å trave rundt i hagen time inn og time ut. Då er det deilig å kunne gå inn, setje seg på stovegolvet og leike litt med duplo eller leikedyr. Og det er ikkje problem å finne leikane, no når vi klarar å gå opp trappa sjølv!


Medan eg og jentene såg på sommarfuglar, gjekk mamma og Jens ein tur på Klokkeåsen.


Fint å ta bilde av utsikten!


Og fin utsikt å ta bilde av!



Til slutt eit bilde av hypermoderne (sidan det vart teikna av Lise i går) og samtidig ganske tidlaus kunst. Ei prinsesse med sine tre babyar på slottet sitt: 


Ingen kommentarer: