fredag 12. september 2014

September, so far

September har så langt vore ein fin månad. Det kan merkast at det går mot haust, med litt kjøligare temperaturar om morgonane og eit stadig meir variert fargekart i skogen. Det har også vore nokre regndagar, men endå er det dei solfylte og milde dagane som dominerer. Dette biletet er frå litt over ei veke tilbake. Jens ser på bruinspeksjonen på Erfjord bru:


Fin utsikt mot Skjerahaug:


Ei som alltid er på farten:


Kunstnarane slår seg laus igjen...


Måndag var det dugnad her på Stølane. Ser du Nina og Signe på veg til leikeplassen?


Eg lar vidare dokumentasjon av denne hendinga over til Lise. Ho tok ganske mange bilete... og her er mine tre favorittar:




Det er kjekt å kunne møte naboar på denne måten!

I går var vi på Moane og deltok i årets siste springe- og sykkelkarusell. Mykje folk og god stemning! Jens i veg på runden sin:


Signe likar seg i mylderet av små og store:


Sykkelfantoma står klare til start:


Etter endt springing og sykling er det tid for... kiosk! Denne gongen gjorde det nok ekstra godt for Lise sin del. Halvvegs i sykkelløpet krasja ho og datt over styret. Ho fekk eit megakjempegigantisksmertefullt sår på høgrearmen, og trengte både trøyst og is...


Dei litt større borna gir alt på sykkelløpet sitt:


Jens og gjengen står klare til start:



So far, so good, får vi vel seie. No er det berre å vente på kva resten av september har å by på!

Ingen kommentarer: