For eksempel dette litt random bildet, som likevel er ganske illustrerande på korleis ting kan fyke av garde, så det berre er så vidt ein rekk følge med:
Det var ein slags fotoleik. Jens skulle springe forbi så raskt han kunne, og så skulle eg prøve å få han med på eit bilde. Det gjekk, etter utallige forsøk... Dette er ein aktivitet vi aldri kunne halde på med i predigital tid!
Jens og Torbjørn var på leir siste helga i haustferien. Søndagen køyrde eg til Solgry for å hente dei, og då såg det slik ut langs fjordane utover. Eg klaga ikkje!
Som bygdemeldar i Suldalsposten fekk eg anledning til å vere med på 4H-festen. Det var ein kjekk kveld i gymsalen!
Fint pynta bord, god mat og mange trivelege folk!
4Harane song ein song, og framsa 4H-løftet:
Så måtte eg leite fram alle grønne klede frå bortgøymde krokar og skap. Sidan eg ikkje kunne vere med på HV-øvinga her i Suldal i sommar, fekk eg den delte gleda å vere med på oppsamlingsøving i Vatneleiren!
Eigen bibel som passar til uniformen! Det er viktig å ha med sverdet overalt, også i kongens klede!
Som det plar vere med HV-øvingar, er det alltid mest sut rett før ein skal reise, og første dagen. Det er uvant å miste fridomen over si eiga tid, og heile tida måtte rette seg etter beskjedar og kontrabeskjedar og "vent her litt"-ordrar... Men så går det seg til, ein vert kjent med dei andre på laget og ein venner seg på ein måte til militærlivet.
Lise syntes forresten det var blodig urettferdig at eg fekk reise på telttur, og ikkje ho... Trur ikkje ho hadde vore like begeistra viss ho hadde kunne forstå kva slag telttur det var snakk om, eller viss ho faktisk hadde vore der og vakna opp i eit lite, overbefolka telt etter heile tre timar søvn, med vatnet rennande nedover veggane og golvet som ein gjørmepøl... Men - alt har ein ende, som dei seier, og dei fire dagane er no historie. Og det er rart med det; Alt eg hugsar no, er dei koselege folka, humoren og at det ikkje var så gale...
Ein kontrast var det likevel å komme heim og kunne gå inn i den vanlege rutinen igjen. Dusje, pusse tennene, vakne opp tørr og nokolunde utkvilt om morgonen... det sivile liv er langt å foretrekke, ja!
Suldalsposten sendte meg ut på nok eit oppdrag (eller rettar, kanskje: Eg meldte meg til nok eit oppdrag...) Denne gongen gjekk vegen til Jelsa kyrkje, og ein vakker konsert førre fredag.
Det var trioen Martin Nygård Haug, Kristin S. Halgunset og Øystein Haga som framførte ei rekke vakre songar og melodiar.
Det vart ein roleg og flott time i kyrkja denne regnfulle haustkvelden!
Til slutt kunne musikarane motta velfortent ståande applaus frå ei nærast fullsett kyrkje. Det er unikt å ha slike dyktige musikarar rett i nærleiken!
Laurdag var vi på kafé på Betel. Kjekt å kunne ete middag i eit større fellesskap!
Elles kan du sjå nokre regnværsbilder her og skulekonsertbilder her på skulebloggen, viss du er interessert i slikt...
Til slutt eit glimt frå skulevegen min. Slik såg det ut over Sandsfjorden i ettermiddag. Ikkje farleg å måtte køyre nokre kilometer på slike dagar!