mandag 6. oktober 2014

Hausttakkefest

Hausten er, sjølvsagt heilt objektivt sett, ei fantastisk årstid. Alle fargane, det flotte lyset og roen som senkar seg etter sommaren.


Det er noko melankolsk og vakkert over naturen, som gjer seg klar til vinterkulda og hardare tider. Det er som livet vert endå tydelegare, og viktigare å setje pris på. 


Plommetreet og epletrea er tomme. I går var Signe og eg ute i hagen og beskjærte dei. Etterpå bar vi inn knusktørr, sommartørka ved. Underveis såg vi på litt ulike typar sopp som har dukka opp her og der. Det er mykje spennande å utforske!

I dag var vi i kyrkja på hausttakkefest. Dette er ei av dei kjekkaste, og kanskje viktigaste (?), gudstenestene i løpet av året. Det er viktig å takke for alle gåvene vi har fått - alt det vi kan hauste og bruke. Og bli minte på kor viktig det er å dele av alt vi har. Her er Signe på veg opp til kyrkja. Ein liten stopp på vegen...


Roleg og vakker fjord!


Litt lenger oppe i bakken. Kyrkja er i sikte, men litt skummelt med bilen som kjem ryggande...:


Fireåringane som skal få bok, og gjengen som skal dramatisere søndagsteksten, går inn i prosesjon.


Lise var med og dramatiserte søndagens tekst: Forteljinga om Elia og enka i Sarepta. Lise og Johanna var ravnar, og kom "flygande" med kjøtt og brød til Elia ved Kerit-bekken. Dei var ivrige, så Elia fekk rikeleg med mat...


Elles har det vore ein fin og roleg dag. Solskin og nesten t-skjortevær ute. Inne har det vore både baking, legobygging og mykje kortspel (Idioten, som er svært i vinden for tida. Jens har blitt hekta!).

Utsikt frå leikehuset. Slik kan ein haustdag også vere!


Ingen kommentarer: