onsdag 19. november 2014

KRIK cup & konsert 2014

Førre helg reiste KRIK Erfjord og KRIK Suldal på cup & konsert for tredje året på rad. Ei helg med mange gode opplevingar ligg bak. Her er nokre glimt frå turen.

Ikkje at det er noko viktig bilde, eller at det seier så mykje om helga, men her er første bilde frå turen: Fergekaia på Nesvik!



I år som i fjor fekk vi overnatte i Storafjellet barnehage. Dette året fekk vi ei heil avdeling for oss sjølve, og ungdomane rigga seg til etter alle kunstens reglar:


Børge Vassbø ynskte velkommen til den første konserten. Dermed var vi i gang for alvor!


I år var det tre band frå USA som opptrådte på konsertane. Først ut var Remedy Drive og vokalist David Zach. Fleire bilder frå konserten her.


The Afters spelte på KRIK cup & konsert i 2012, og det må vel seiast å vere eit godt teikn at dei vil kome tilbake berre to år etterpå! Dei spelte to konsertar, i tillegg til å leie lovsangen under kveldsmøtet laurdag. Fleire bilete frå konsertane her og her.


Utover laurdagen spelte vi kampane våre i cupen. Både suldalslaget og det eine laget frå Erfjord gjekk ut etter gruppespelet. Her er "Bondeknølane" i ein av kampane deira. Ambisjonsnivået var lågt, men dei klarte faktisk å spele ein kamp uavgjort!


Så var det pause for vår del. Endå hadde vi eit lag igjen som skulle spele i cupen, men det var først på ettermiddagen. Dermed kunne vi innta litt føde i "FN-parken"...


... og vere med på U16-møte i samfunnshuset. Her er det fløyteetingskonkurranse som "oppvarming" til talen:


Talen var ved Fernando de Ornelas. Eg er ikkje så bevandra innan fotballfakta, men han skal vere tidlegare spelar på Odd Grenland, Crystal Palace, Celtic og ein del andre klubbar, i tillegg til å ha spelt 30 kampar for landslaget til Venezuela. I dag er han pastor i Skien.


Så kom ettermiddagen, og tid for eit meir seriøst forsøk i cupen ved "Team Indre Erfjord". Og det gjekk riktig bra, då dei spelte seg vidare til kvartfinalen! (Dette fekk vi dessverre ikkje heilt med oss før neste morgon, då dei ringte og sa vi skulle spele... Dermed vart det "walk over" for det andre laget. Dei var visst svært fornøgde med det, og vi var ikkje så misnøgde sjølve heller!)


På kveldsmøtet vart Torolf Nordbø intervjua, og kom med klare vitnesbyrd om trua. Det var oppbyggande å høyre på!


Seinare på kvelden var det konsert med The Afters, og etterpå med det største trekkplaster under cupen: Leeland. Nærare 600 publikumarar fekk med seg konserten. Fleire bilder kan du sjå her.


Etter midnatt, klokka var vel bortimot halv eitt, var det tid for show med Han Innante. Han hadde med seg Sjur, og saman underheldt dei ungdomane med vittige ordspel og sprø humor. Vi gjekk til ro med godt trimma lattermusklar!


Her budde vi. Og viss du lurte, har barnehagen fusa Storefjellet!


Sjølvaste cup-generalen!


Og suldalsgjengen, snart klare for heimreise:


På Lauvvik:


På veg heim hadde vi ein stopp på Jørpeland, der fleirtalet av oss åt ein eller annan form for kebab hos Preikestolen kebab & pizza.


Reiser du forbi Jørpeland, vil eg verkeleg anbefale å stikke innom denne blide karen og kjøpe kebab! Han kan sine ting!


Til slutt eit bilde av Kjartan, som tøffar seg utanfor kebabrestauranten. Takk for ei fin helg, deltakarar og medleiarar! Eg gler meg alt til neste år!


søndag 2. november 2014

Jul - litt på forskot

Eg snakkar ikkje om det nærast juletredekorerte industriområdet i Ølensvåg, som vi passerte fredag kveld.


Eg snakkar sjølvsagt om julegåveweekend på Solgry! Etterkvart har det blitt tradisjon, og i år var det Lise og eg som reiste. Det tok ikkje mange minutta fredag kveld før ho hadde funne seg nokon å leike med. Her er det Lise sin tur å vere i boksen...


Laurdag laga vi julegåver til den store gullmedaljen. Litt snekring, litt maling, litt liming, litt tusjing, litt pynting, og vips! ligg fire julegåver klare allereie. 


Inga god arbeidsøkt utan energi i kroppen. Det er viktig å hente forsyningar på kakebordet innimellom...


I tillegg til julegåvene ville ho lage eit par ting til seg sjølv også. Her dekorerar ho ein sparefrosk.


Etter ei lang økt på verkstaden, var det godt å kunne gå ut og hoppe av seg litt.


... og rulle av seg resten:


Etterkvart vart det klart og fint laurdag. Dagen starta med over 17 grader og regn, og endte om lag slik:


Så skjedde det noko som fekk Lise til å kaste frå seg både sykkel og trampoline, og spurte inn i ein ny kø: Den sagnomsuste gravemaskina vart kopla til og gitt ny olje. Dermed var det duka for ein smule konkurranse om maskina, og graving av flotte grøfter.


Bibelsamlingar er det sjølvsagt fleire av på leir. Tema i år var "Nattehimmel", og vi fekk høyre om Abraham som telte stjernene, Jakob som drøymde om englar som klatra opp og ned på himmelstigen, vismennene som fulgte den store stjerna og hyrdane som fekk englebesøk julenatta.


Laurdag kveld var det misjonssamling. Vi fekk sjå video frå misjonsprosjektet i Etiopia, og deltok i ein effektiv demonstrasjon av korleis misjon fungerer.


Lysa vart effektivt tent ved å få flammen frå sidemannen. På den måten vart det ein dominoeffekt, og det tok ikkje lang tid før alle sat der med kvar sine tente lys! Det er godt med slike konkretiseringar for dei små - alt vert litt lettare å forstå då!


Etterpå var det leirkveld, der mykje kjekk galskap vart gjennomført. Her er det leirsjefen som utfører store tryllekunster!


Ein lang og koseleg leirdag vart avslutta med lesestund i kjellaren. Fredag høyrde dei forteljinga om Daniel, og i går kveld om Jona. Så var det kveldsbøn, og i seng. Vi delte rom med ein far og datter frå Norheim, og det var litt vanskeleg for dei to jentene å sovne... Men til slutt fekk søvnen overtaket!


Søndagens store høgdepunkt for Lise sin del, var å få køyre dei små elektriske bilane i møtesalen. Når ho var ferdig med ein tur, sprang ho rett tilbake i slutten av køen. Dermed fekk ho køyre heile seks turar før bilane vart sett vekk! Med ein toppfart på 6 km/t, var det ikkje så svimlande stunt som vart utførte i dette "billøpet", men du verda så kjekt det var!


Då vi kom heim i ettermiddag, laga Lise merkelappar til gåvene ho hadde laga. Så det er nokon som er fleire hakk meir klar til jul, og nokon folk der ute (og her heime) kan glede seg til julegåveweekendgåver om nokre veker!