søndag 7. desember 2014

...den tid vi har vil fly av sted, og vi må følge med

Ja, tida går fort i adventstida, og vi er allereie komne til andre søndagen! Lysa er tende, og som de ser er dei vise menn på veg til stallen i Betlehem!


Adventskalenderen vår med Musfrid har gått sin gong gjennom veka, og ho har funne på litt av kvart. Onsdag var det baking av julekjeks som stod på programmet:


Same dagen var vi på onsdagsklubben. No når Nina har begynt som leiar igjen, etter vel halvtanna års "morspermisjon", har også Signe starta... Berre for å gjere det skikkeleg, er ho som regel med på between-gruppa! Her køyrer ho bil saman med Irene.


Torsdag oppfordra Musfrid oss til å leike gøymeleiken:


Fredag sette vi opp julekrubba:


Og laurdag hadde ho ei klar oppfordring til ungane som skulle på julemesse: Ta med mykje pengar, for ho ville ha ein av alt!


Oppfordringen vart ikkje heilt fulgt, men dei fekk med seg litt pengar til å handle snop og kjøpe lodd for. Og dei kjøpte rikeleg av det første og også litt av det siste...


Det var mykje fint å sjå på, ta lodd på og kjøpe på Betel denne dagen!


Helga og Arnfinn Røyland heldt andakten. Her er det Helga som fortel frå Kenya, og fortel om korleis Jesus kan reinse både nordmenn og kenyanarar frå synd.


Signe brukte store delar av tida på Betel på å klatre i og gå langs trappene opp til podiet. Spennande med trapp, og godt å ha litt oversikt over salen og det som skjer!


Mange frammøtte!


Åretrekning med digital generering. Signe og eg trykte på knappane...


Apropos knappar... Heime hos oss er det for tida knappar å finne både her og der. Signe tel på dei stadig vekk, sorterer og gjer triks... Og så er det så flotte å halde og sjå på!


Bildet over er teke i vindaugskarmen. Der er det fint å stå og sjå på fuglane. Signe vert som regel så ivrig og begeistra at fuglane ofte fyk vekk att før dei får tak i mat...


Laurdag ettermiddag var Lise, Jens og eg i Hålandsosen og høyrde på nissespeling!


Flotte juletonar, og god stemning ein heller kald desemberkveld.


Søndag morgon hadde Musfrid eit veldig godt forslag til julekuledekorering. Ungane syns også det var ein god idé, og gjekk ivrig laus på oppgåva om ettermiddagen.


Men først var dei på lysmesse i kyrkja. Barnekoret deltok med song, i tillegg til at korpset og Øystein Haga spelte, og konfirmantane deltok med tekstlesing og lystenning. Det er mykje god julestemning i ei slik "synge jula inn"-samling!


Ingen kommentarer: