fredag 26. desember 2014

God jul!

Ei koseleg julehelg ligg bak oss. Det er godt å kunne ta fri frå jobben og bruke tida saman med familien. Kose oss saman, ete god mat og feire verdas største bursdag!

I år bygde vi pepperkakehus bitteveslejulafta. Det var stas for Lise å vere med og pynte det, og seigmennene fekk ligge på taket og sole seg!


Medan andre (les mamma) er meir opptekne av mønster...


Slik såg Lise si side ut då ho var ferdig:


Huset fekk ikkje stå så lenge. Tysdag kom mormor og morfar på besøk, og dei var hos oss i jula. Pepperkakehuset vart dessert etter den tradisjonelle veslejulaftagrauten.


Same kveld tok vi inn juletreet, og pynta det. Juletreet er eit kristent symbol, som har blitt brukt i fleire hundre år. I starten var det helst i kyrkjer og forsamlingshus ein tok inn treet, men etter kvart vart det vanleg også i heimane. På slutten av attenhundretalet vart luthersk kristendom kalla for "juletrereligionen" (i katolske kyrkjer hadde dei julekrubber, som no også er blitt vanleg i lutherske samanhengar. Det er då også eit noko tydelegare symbol. Det er nok ganske mange som feirar jul i våre dagar utan å vite at juletreet er eit symbol på Jesus!) Symbolikken i treet er veldig fin. Det eviggrøne treet, som vert teken ut av sin samanheng (slik Gud kom inn i verda). Stjerna i toppen, som symboliserer Jesu fødsel, og juletrefoten, som opprinneleg var forma som eit kors, symboliserer Jesu død. Dei to finaste symbola vi heng på treet, etter mi meining, er julekulene, som symboliserer to ting. Opprinneleg var dei raude, som epler, og skulle minne oss om livets tre og syndefallet. Det er ein grunn til at Gud kom inn i verda! I dag symboliserer kulene vel like mykje jordkloden, og minner oss på at Jesus kom for heile verda. Det same gjeld flagglenka, som innheld flagg frå heile verda. Det er ikkje berre i Noreg vi feirar Jesu fødsel!


Og så er det gåvene... Når alle pakkane var delt ut, skulle det stå berre ein ting att under treet: Juletrefoten, forma som eit kors, og den skulle minne om den største gåva av alle.

Julafta er stas for både store og små. Godt pinnekjøt og julebrus, og som det vel alltid har vore: ungar som syns måltidet går altfor seint... 

Sidan eg alt har skrive mykje om symbolikk, får eg bruke eit bilde som symbol vidare også... Dette bildet, som viser eit spel Jens og Lise fekk til jul frå syskenbarna i Peru, står for både julegåvene, og at vi har spelt mykje spel i jula!


Og så kom 2. juledag. Mormor og morfar reiste heim i formiddag, og trur du ikkje dei tok med seg Jens og Lise! No skal dei vere der og feriere litt i helga, og kjem att rett over helga. I mens er vi tre andre igjen her heime og ser på snøen som har lagt seg som eit teppe ute.


Og småfuglane fekk selskap ei stund. Vi kunne jo ikkje berre sitje inne og sjå! Så tunet vart måka, og Signe fekk ake på akebrett. Her har ho på seg den nye hua ho fekk av farmor og farfar til jul.


Ingen kommentarer: