lørdag 13. desember 2014

Putti Plutti Pott og Lussemus

Sidan lussekattar er litt skumle, oppfordra Musfrid oss i dag sterkt om å lage lussemus i staden... Og det gjorde vi!


I retrospektivt lys kan det sjølvsagt diskuterast kor lurt det var å setje desse to til å passe på smeltinga av smøret (...), men det gjekk bra!


Også forminga av lussemusene gjekk bra. Til og med Signe laga tre stykker (ein tilnærma vanleg og to pittesmå) av det som var att av deigklumpen hennar etter at ho først hadde forsynt seg...


Rett etter lunsj køyrde Lise og eg til kulturhuset på Sand, og kjøpte billettar til Putti Plutti Pott!


Lise hadde nissehua på og var heilt klar, og snøen skapte ei passe god førjulsstemning ute:


Det var Sandeid barne- og ungdomsteater som spelte, og Lise storkosa seg gjennom heile forestillinga. 


Det er mykje positivt å seie om forestillinga: Dyktige born, effektive sceneskift og ei artig historie. Dei får det til på Sandeid!


Etter forestillinga sat skodespelarane framme på scena, og det gjekk an å ta bilete saman med dei. Lise var noko sjenert, for ho kjente dei jo ikkje (...), men våga seg likevel til å setje seg med ho som spelte Karoline. I ettertid er ho veldig stolt av det! Her er alle aktørane framme i sluttscena:


Vinterstemning over Sandsfjorden på veg heim att:


Ingen kommentarer: