fredag 12. desember 2014

Så kom snøen!

Også denne veka har Musfrid hatt mykje for seg. Måndag morgon diska ho opp med dominospel frå spelehylla nede. Det var ein populær aktivitet, i alle fall å leike med toga!


Tysdag gløymde vi å dokumentere aktivitetskalenderen, men Musfrid hadde då funne fram ei bibliotekbok som skulle levarast inn. Den dagen var det nemleg bibliotek, og ikkje berre det: Irene inviterte til adventssamling, og rundt 40 frammøtte kunne synge seg gjennom musevisa og høyre ei forteljing av Alf Prøysen.


Etterpå var det pepperkaker og klementiner, og borna kunne teikne medan dei vaksne drøste og tok ein lånerunde i biblioteket. Ei koseleg ettermiddagssamling!


Onsdag hadde Musfrid funne fram kakaoboksen, så om kvelden koste vi oss med varm kakao til "Jul på Månetoppen".


Torsdag morgon hadde ho gøymt seg så godt, at verken Lise eller Jens fann ho før dei måtte gå. Om ettermiddagen hadde vi eit kort besøk av Ruth og Sakarias, og dei kasta seg inn i leiteaksjonen dei også.


Til slutt fann dei ho, sitjande bak ei gardin i vindaugskarmen...

På dagen var Signe og mamma på leikeplassen. Det var eit merkeleg vér heile torsdag. Onsdag kveld begynte det å lyne og hagle, og som de ser ligg det endå mykje hagl på bakken utpå torsdagen. Torevéret tok ikkje slutt før utpå kvelden torsdag!


Og fredag morgon vakna vi til dette:


Vi såg tendensane allereie kvelden torsdag, så vi la ikkje opp til noko høgt aktivitetsnivå fredag. Musfrid diska opp med ein sjokoladebit til kvar, og elles rekna vi med det var snøleik som ville vere aktuelt.


Og ganske riktig. Dei heiv seg ut dørene att, med det same dei kom heim frå skule og barnehage! Eit koseleg syn frå kjøkkenvindauget:


Jens laga seg skiløype bak huset:


Og Lise på framsida:


Då Jens vart lei av å renne på ski, tok han over Signe på akebrettet. Veldig kjekt for ein eittåring å bli dregen rundt på plenen!


Dessverre ser det ut til at snøen allereie er i ferd med å regne vekk. Då var det no godt at dei i alle fall fekk utnytta den i ettermiddag!


Ingen kommentarer: