mandag 29. desember 2014

Winter wonderland

Det har ikkje akkurat vore typisk julevér dei siste dagane (altså regn og evt. slaps...) I staden har snøen lagt seg som eit teppe over landskapet, og kulda har holdt snøkrystallane i sjakk. Dermed kan vi nyte fine vinterbilder ut stovevindauga, og glede oss over herleg snø å leike oss i ute!




Signe fekk trehjulssykkel til jul, og den er utstyrt med eit hendig handtak på ei stang bak, som vi vaksne kan halde i. Dermed kan ho sykle på tur, endå ho ikkje når trøene skikkeleg endå...



Det er vakkert med vinter!



Ei som ikkje er like begeistra for snøen:


Den sosiale trongen er likevel noko sterkare enn den djupe forakta for alt som er kaldt og kvitt...


Til slutt vert det likevel nok.


Best å halde seg der verda er slik den bør vere!


Og så ei som har det stikk motsett. Signe elskar snøen! Ho har jo knapt sett det før - ifjor vinter var ikkje akkurat eit godt år for å utvikle venskap med snøen... Så no prøvar vi å ta att det tapte, og i ettermiddag gjorde vi det på akebrett. Pappa var hest i enden av snora, og løypa gjekk for det meste rundt og rundt på plenen. Frydefulle rop når farten var stor, og nynning og småprating stort sett heile vegen elles...




Og så er det sjølvsagt greit å prøve seg litt på eigne bein. Fantastisk med ekte vinter for nokre dagar!


Ingen kommentarer: