Januar er historie, og i år er det heldigvis snø på fjellet! I fjor gjekk Jens og Lise og vente og venta (forgjeves) på gode snøforhold, og skikarusellen vart så godt som avlyst - eit lite trøysterenn på slutten av sesongen. I år er forholda annleis, og måndag var vi oppe ved Mosvatnet og deltok på første samlinga. Gode løyper og mykje skiglede!
I alle fall så sant ein ikkje kjem oppå andre sine ski...
Jens gjekk rundt den kortaste sløyfa "minst fire gonger", i tillegg til at han gjekk att og fram til Lise og meg nokre gonger - så han fekk teke seg ut! Lise gjekk halvannan runde, og var nøgd med det.
Det begynte å snø ikkje lenge etter at vi kom opp. Endå meir vinterstemning!
Her i heimen har det dei siste dagane luska nokre rovdyr rundt i romma... Her eit sjeldan foto av den frykta tigeren. Den litt mindre løva (med raude kinn) er nok like i nærleiken ein stad, ho også.
Vedsankesesongen er i gong, og i dag vart det to korte turar til Sandvik. Tre unge bjørker måtte bøte med livet...
Grunnen til den noko begrensa vedhogsten, var avansert logistikk i forhold til bursdagsfeiring på Østerhus. Jens skulle køyrast opp og ned att noko seinare. Mellom desse køyringane hadde Lise og eg ein kamp mot klokka for å få det siste treet ferdigkappa inn i bilen. Jens var med og tok ein tørn før selskapet - oppvarming til akinga, så og seie! Her er heile selskapet samla på ekra, klare for den siste runden med kjelkekøyring:
Og vinterlandskapet på Østerhus er det ingenting å seie på!
Med snøscooter vert det nesten like kjekt å renne opp bakkane, som ned att!
Janne S. Dangsholt: Winter i verdens rikeste land
for ett år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar