onsdag 25. februar 2015

Det e kjekt!

Signe er positiviteten sjølv for tida, og slengjer ofte på eit "Det e gøy!" eller "Det e kjekt!" etter at ho har fortalt noko. Og vi kan vel ikkje seie noko anna enn at akkurat det er kjekt!

Førre veke var vi på Bømlo. Det vart hogd litt ved, og fjorårsveden vart pakka vekk i sekker:



Jens og Lise var ivrige hjelparar, og Signe oppdaga, til stor glede, ein sølepytt rett i nærleiken!


Det er tydelege spor etter vatn på avvegar i oppkjørselen. Er også dette eit spor etter Nina sine herjingar i vinter, mon tru? Uansett, vår positive venn har gått seg ein liten tur, og vinkar ivrig hallo til morfar når ho kjem att.


Og så fekk vi besøk av denne festlege fyren, som gjerne ville dele litt på fuglematen:



Heime att venta eit anna festleg innslag, på den meir trauste måten:


To gode vener!


Tingeling på veg til karneval i barnehagen tysdag:


Dagen i dag: Roleg morgonstund saman med storebror. Det e kjekt!


I ettermidag var det skikarusell, og denne gongen var også Signe med ut i løypa. I starten sat ho i akebrettet, og kunne sjå på alt som skjedde derfrå, og det var jo gøy. Etterkvart gjekk ho litt rundt på eigne bein, og det var også gøy.



Jens i godt driv, på den første runden i løypa.


Mykje folk!


Og godt med snø.


Lise fekk smaken på å renne i nedoverbakke. Etter første turen, utan å falle, var det rett opp att.


Fem turar seinare var ho fornøgd. Og i bilen heim kunne Signe fortelje kva ho hadde gjort, og overraskande nok meinte ho turen var kjekk!

tirsdag 17. februar 2015

På stram line i byen

 Vinterferie. Tid til å få litt meir luft under vengene, og oppleve meir saman. God tid til ein bytur!


Etter halvannan time i bilen, er det godt å strekke på beina. Og trappene på Tau er eit godt "klatrestativ"...


Ein flott, tidleg vårdag:

 

Så nærmar vi oss byen!


På Skagenkaia, der vi fann ein god parkeringsplass til bilen, var det sett opp eit lite leikområde med blant anna ei stram line. Det vart ein populær aktivitet!



Etter utførte ærend i området, køyrde vi mot Pedersgata, og gjekk til...


... Løvås bruktbu!


Det har blitt til ein fast stopp på Stavangerturar. Og for dei som ikkje er lokalkjende: Løvås bruktbu er ein bruktbutikk med så mykje bøker at ein bokentusiast kan tru han har funne att Eden!

Etter eit par handleposar med bøker og donaldpocket, køyrde vi til Ikea. Mat i kafeen, og ein rundtur i markedsavdelinga. Ikea er ein butikk som verkeleg har forstått dette med å markedsføre. I anledning vinterferien, var det spesielt mange aktivitetar for barn og barnefamiliar. Jens og Lise var med på eit par aktivitetar, og vann seg gratis både is og pølse. Det var to lukkelege softisfjes som forlet Ikea i ettermiddag!


søndag 15. februar 2015

Fire ned

På onsdagsklubben laga Jens denne fuglematarugla. Det var eit kjekt prosjekt!


Nina laga ein mal på førehand - det er alltid greit å sjå kor det heile ber av. Laurdag føremiddag hengte vi begge opp i vårsola i hagen.


Så køyrde Jens og eg av til Sandvik, og hadde med oss sag og greinsaks. Det er på tide å gjere seg klar til neste vinter...


Ved middagstider var det så pass varmt på altanen, at vi åt årets første middag ute! Der kunne vi blant anna observere aktiviteten rundt fuglematarane:


Og medan vi var og skoga, hadde Lise vore produktiv her heime. I hagen heng det no tre matarar!


Laurdag ettermiddag vart nytta i hagen. Det er ein del som må ordnast til etter vinteren, og vi greip den gryande vårkjensla begjærleg!

Så kom søndagen, og sola lyste like klart frå himmelen. Alt låg til rette for ein fjelltur:


Mål: Hegreheia!


Signe sovna, ikkje uventa, på ryggen...


Det var litt snø øvst i traktorvegen, og på stien gjennom skogen. Det vart litt snø i støvlane, men stort sett kunne vi heldigvis gå i tidlegare opptrakka spor. Og så er det alltid greit med litt bensin:


Bogsund:


Vi kikka litt opp i fjellet før vi starta turen, og meinte dei siste bergpartia var rimeleg snøfrie. Det var ein forutsetning for å komme oss heilt til toppen. Vi går ikkje i desse skråningane viss dei er islagte!


Men berga var berre og tørre, og vi kom oss heilt opp. Det var fjerde nuten i år - vi ligg an til å bli nutfantar rekordtidleg denne sesongen! Kva i all verda skal vi då finne på til sommaren?




Dei gamle fjell i syningom!


God utsikt over Erøy frå toppen. Og sidan vi også kan sjå heilt heim, er dette det vi kan kalle ein ekte suldalsk fjelltur...


Ned att gjennom snøen:



Så nærmar vi oss havnivå att. Vi var rimeleg slitne etter turen, men det var kjekt å gå turen om vinteren - det vart ei litt annleis oppleving! Vel heime rigga vi oss til med bollar, iskrem og eit par episodar med "Alle sammen sammen". Det har vore ein fin familiesøndag!




søndag 8. februar 2015

Kulde og kultur

Den siste veka har gradestokken stort sett vist minusgrader, og det har vore mykje god varme å hente frå fjorårsveden. Varmt var det også på grendahuset onsdag, då over 150 sambygdingar og nokre besøkande samla seg til kulturkveld. Det var ein kjekk kveld med mange fine innslag. Og spennvidda var stor; Alt frå revyviser...


... framføring av Terje Vigen (utan manus!)...


... solosong ...


... korsong, forteljingar, allsong, mat og til slutt:


... sjølvaste Erfjordsongen (sjølvsagt)!


Fredag testa vi ut isen på Sandvikstjønna. Den heldt!


Kjekt å få lufta skøytene igjen. To år sidan sist no.


Signe har ikkje skøyter, men var vel nøgd med å sitje på i akebrettet nokon rundar!


Farten var ganske stor til tider, og når eg stoppa, kom det kontant: "Mer!" Til slutt vart det likevel nok, og ho ville gå for eiga maskin. Her var jo mykje nytt terreng å utforske!


Isen var noko ruglete, men gjekk fint an å gå på. Også utan skøyter.


For to år sidan låg isen i vekevis, men i år vart det, i alle fall foreløpig, med denne eine ettermiddagen. Laurdag kom nemleg nedbør og mildver.


Noko av nedbøren kom i form av litt våt snø, og det kom akkurat nok til at Lise og Jens kunne lage seg ein snømann i hagen!


I går og i dag hadde vi besøk av mormor og morfar, og morsdagen vart feira med blant anna ein tur til boka på Erøy!


Signe gjekk ganske så langt for eiga maskin, og tempoet var til tider ganske bra.


Jens og Lise sykla.


Det begynte å snø tidleg på turen. Heldigvis var det ein slik lett og fint dalande snø!


"Hei, sau!"


Hei, sjølv...



Det siste stykket, opp bakkane til der boka ligg, vart syklane parkerte og alle tok beina fatt.


 Med unntak av Signe, som gjorde det omvendt...


Det la seg faktisk litt snø på greinene medan vi var oppe!


Høgdevurdering av tre...:


Det var ein grei tur i snøveret, om enn litt kald for enkelte. Det var godt å komme i hus att og ete middag, og morsdagsdessert... Brownies og is vog vel om lag opp for den lange gåturen...