søndag 15. februar 2015

Fire ned

På onsdagsklubben laga Jens denne fuglematarugla. Det var eit kjekt prosjekt!


Nina laga ein mal på førehand - det er alltid greit å sjå kor det heile ber av. Laurdag føremiddag hengte vi begge opp i vårsola i hagen.


Så køyrde Jens og eg av til Sandvik, og hadde med oss sag og greinsaks. Det er på tide å gjere seg klar til neste vinter...


Ved middagstider var det så pass varmt på altanen, at vi åt årets første middag ute! Der kunne vi blant anna observere aktiviteten rundt fuglematarane:


Og medan vi var og skoga, hadde Lise vore produktiv her heime. I hagen heng det no tre matarar!


Laurdag ettermiddag vart nytta i hagen. Det er ein del som må ordnast til etter vinteren, og vi greip den gryande vårkjensla begjærleg!

Så kom søndagen, og sola lyste like klart frå himmelen. Alt låg til rette for ein fjelltur:


Mål: Hegreheia!


Signe sovna, ikkje uventa, på ryggen...


Det var litt snø øvst i traktorvegen, og på stien gjennom skogen. Det vart litt snø i støvlane, men stort sett kunne vi heldigvis gå i tidlegare opptrakka spor. Og så er det alltid greit med litt bensin:


Bogsund:


Vi kikka litt opp i fjellet før vi starta turen, og meinte dei siste bergpartia var rimeleg snøfrie. Det var ein forutsetning for å komme oss heilt til toppen. Vi går ikkje i desse skråningane viss dei er islagte!


Men berga var berre og tørre, og vi kom oss heilt opp. Det var fjerde nuten i år - vi ligg an til å bli nutfantar rekordtidleg denne sesongen! Kva i all verda skal vi då finne på til sommaren?




Dei gamle fjell i syningom!


God utsikt over Erøy frå toppen. Og sidan vi også kan sjå heilt heim, er dette det vi kan kalle ein ekte suldalsk fjelltur...


Ned att gjennom snøen:



Så nærmar vi oss havnivå att. Vi var rimeleg slitne etter turen, men det var kjekt å gå turen om vinteren - det vart ei litt annleis oppleving! Vel heime rigga vi oss til med bollar, iskrem og eit par episodar med "Alle sammen sammen". Det har vore ein fin familiesøndag!




1 kommentar:

Vivi sa...

Hei
Så utrolig flott tur dere har vært på, og det er jo ekstra herlig når sola titter frem.
Jeg skal vedde på at småfuglene synes matfatet var helt supert!
Tusen takk for at du ville være med å dele din helgeglede.

Klem Vivi