søndag 1. februar 2015

Vardaheia i snø og sol!

I dag er det "Kom deg ut"-dagen, og med strålande sol og fine temperaturar kunne det ikkje passa betre. Jens var førstemann:


Men vi nøya oss ikkje med ein tur i hagen. Vardaheia lokka, og vi kokte oss kakao (eller som Signe kalla det, då ho stod og rørte: "koke kaffi!") til å varme oss på turen.


Så kom turfølget vårt, Kjellaug og borna, og vi la i veg.



Lise var nok den som tok flest steg i dag, sette seg fast flest gongar og fekk mest snø i støvlane. Likevel gjekk ho på med stålvilje og godt humør. Snakk om turfant!


Vakker vinterskog:




Så baksa vi oss opp dei siste bakkane, og kunne ta pause ved varden.


"Ok" utsikt!





Nina er lemur:


Det var rundt 30 cm snø, særleg på traktorvegen. På veg opp gjekk vi vår eigen sti gjennom snøen, og den var det grei å følge ned att. Då hadde eg ei sovande Signe på ryggen!


Eit lite tilbakeblikk på vegen ned. Der oppe var vi, ved varden:


No har vi hengt kleda til tørk, fått fyr i omnen og lagt planar om ny tur neste helg. Så får vi sjå kor den skal gå!