søndag 26. april 2015

Vårteikn i hagen

Etter to tause månadar, er det vel på tide med livsteikn på bloggen att. Og kva er vel betre då, enn å starte med ein liten jakt på vårteikn i hagen?


Denne våren har reiling vore ein basisaktivitet for enkelte. "Ut å reila" er eit slagord, eit motto og eit mantra. Også sandkassa er flittig i bruk, og for Jens er det fotballsparking som er det store. Så dei søte små (?) blømer i hagen, og det gjer sanneleg ei rekke plantar også!

Kuleprimula:


Krokus (Bildet er frå tidlegare i månaden, akkurat desse er nok ferdigblømde no):


Lavendel:


Påskeliljer, spesialimportert frå Bømlo:




Forsytiaen lyser opp i hagen!



Tulipanar:


Fiolar utanfor døra:


Også leikehytta har fått ei korg med fiolar, og dei vert ivrig vatna av Lise! Vi kryssar fingrane og håpar dei unngår drukningsdøden...


Klokkebuskene blømer ikkje heilt endå, men det er like før:


Perleblomst:


Så det er mange vårlege teikn ute og går! Det neste bildet er frå i går, då regnet ausa ned og katten fann ein lun og varm plass å sove sin middagskvil. Vi høyrde ingen protestar frå ho som sov i vogna, så det var to koselege og fredelege timar under altanen...


I dag gjekk ho rundt ei stund med ein bøygd pinne som stav. Ho såg skikkeleg skral ut... men for det meste er det god fart og godt humør!



Ingen kommentarer: