onsdag 6. mai 2015

Dit du går...

...når du har lyst på ein fjelltur, men ikkje orkar å gå på dei høgste nutane: Klokkåsen! Søndag tok vi turen, endå ein gong. Denne gongen gjekk vi ikkje over ekrene, men tok vegen om krossen, for å møte Trude, Kasper og Tonje Olava. Dermed hadde vi hyggeleg selskap på turen! Det første stykket - langs vegen, opp skogstien og eit stykke inn i skogen - gjekk Signe sjølv:


Utsikt mot Hålandsdalen:


Vel oppe finn Jens seg eit tre å klatre i. Furua er ofte grei til slikt!


Her ser vi heim til både den eine og den andre:


Bogsund i vårsol:


Utsikt heilt heim - sjølve kjenneteiknet på ein vellukka fjelltur (?)


Erøy:


Signe gjekk altså eit stykke sjølv, og det er jo greitt at ho blir vant til det å gå på fjelltur først som sist. Men dei små beina vert fort slitne, og då er det godt å ha ein papparygg å sitje på, og nyte utsikten frå! På vegen ned att sovna ho ganske raskt, og fekk seg ein god lur - nesten heilt heim.


Gjennom "trollskogen", på veg ned att:


Skogen opnar seg, og slepp oss ut i dette vakre landskapet:


Til slutt eit par andre bilete frå helga. Søndag kom det tre gutar på døra og selte fisk, og vi kjøpte blant anna eit par nydelege aurar. Dermed vart det grilling på altanen etter fjellturen. Når eg ser dette bildet, lengtar eg litt tilbake til søndag...:


Og til slutt eit glimt frå laurdagskvelden. Då var det avslutning for KRIK for sesongen, og vi spelte fotball i ballbingen og grilla i amfiet nedanfor skulen. Det var ein kald, men månelys kveld, og hyggeleg selskap av ti ungdomar og fire leiarar. No vert det nokre månadar pause, før vi startar opp att til hausten!


1 kommentar:

likeschocolate sa...

Stunning views and a yummy lunch to as well. Lucky you!