onsdag 27. mai 2015

Road trip

I helga var Lise og eg på road trip til Nordhordland. Onkel Lars skulle feire 50-årsdagen, og vi hadde pakka med oss finkleda og massevis av godt humør!

Første høgdepunkt på turen kom allereie på Sand, då vi traff på ikkje mindre enn 76 veteranbilar, som nett hadde starte på årets veteranbilløp:


Lise telte til auga vart store og våte, og begeistringen auka etterkvart som talet på bilar vart rimeleg høgt. Også vidare på turen såg ho etter veteranbilar, og meinte ho såg ein både her og der... Uansett skulle ho i alle fall fortelje både mamma, farmor og onkel Lars om dette fantastiske synet. Ho var no likevel ikkje heilt sikker på om ho turte å seie det til onkel Lars, så ho meinte at det burde eg gjere... Eg kan ikkje heilt hugse no om eg gjorde det, men viss det vart gjort hugsar han det sikkert sjølv: Det må ha vore eit høgdepunkt...


Vi hadde mange timar i bil framfor oss, og måtte ha pausar både her og der. Mat og beinstrekking er viktig. Her er vi på Leirvik, og ser på det utrulig imponerande tårnet Lise oppdaga der. Og så var vi innom Sunnbok og kjøpte Oslo Soul Children sin nye CD, Livsglede 4. Kjekk musikk å høyre på turen!


Ferge frå Sandvikvåg til Halhjem. Etter kvart oppdaga ho at det vart vist teiknefilm i eit anna rom. Det var noko motvillig ho gjekk derfrå til bilen...


På Os sovna Lise, og sov heile vegen til Knarvik. Sidan vi skulle halde oss vakne til langt på kveld, var det ikkje om å gjere å vekke henne, så vi stod på ein parkeringsplass i Knarvik i vel ein time; Lise sov og eg las i bok... Så gjekk vi inn på ein butikk som eigentleg hadde stengt for ein time sidan, men var greie og fortsatt slapp inn folk som hadde gløymt det var pinseaftan, og kjøpte oss is. Det høyrer så absolutt med på ein road trip!

Hagelsundbrua ved Knarvik:


Så er vi framme på Seim, og klare til å kle oss i finstasen:


Her på Strilatunet var vi også for tre år sidan, i konfirmasjonen til Pål Martin (blogginnlegg frå den gong då her) men det hugsar sjølvsagt ikkje Lise. Då var ho tre år. Ho hugsar nok meir av Seim frå denne turen!


Mingling før selskapet. Lise såg ikkje heilt poenget, og fann plassen sin...


Så er vi igong, og kvelden startar med flott korsong av Alversund Kammerkor!


Tante Liv og onkel Lars: Litt mimring tilbake til barndomen i Hestøysund.


Det vart mykje eting og snakking for ein liten seksåring. Det var høgst naudsynt med nokre luftepausar undervegs - ut for å springe rundt og rundt og rundt og rundt...


Så vart det pause for alle, og tante Johanne set i gong litt leiking for dei yngste festdeltakarane. Raudt lys:


Klår maikveld!


Onkel Trond arrangerte kahoot-quiz om onkel Lars, og Lise og eg var på lag. Det fungerte rimeleg godt, og det viste seg at det visst er vi som veit mest om 50-åringen... Eller var best på tipping... Lise var i alle fall godt fornøgd med å få trykke på fargane, og motta 1.premien. (Eit spørsmål det ikkje var så mange som klarte, men som eg visste, var kva som var den første bilen til onkel Lars. Det er mange merkelege minner som festar seg frå barndomen, og eg hugsar faktisk renaulten! Og i minnet mitt står den parkert i garasjen nedanfor huset i Sjøtun.)


Det vart ein koseleg festkveld på Seim. Mykje god mat, flotte folk og Lise heldt ut til over elleve! Så håpar eg berre bursdagsbarnet (sic!) koste seg like mykje som oss.


Frå festen på Seim, gjekk turen vidare til den vesle øya Toska i Radøy kommune. Her fekk vi overnatte hos foreldrene til tante Anne Margrethe. Søndag morgon var Lise opp nesten like tidleg som ho plar (Det er vel nesten ikkje nødvendig å skrive at ho sov veldig godt i bilen på veg heimover seinare på dagen...)

Huset var snart fullt av småfolk. Alle fire fetrane frå Ålhus var der, og i tillegg kom fire av deira søskenbarn også innom, frå nabohuset. Dermed var det ni born frå 3 til 12, og det var rimeleg mykje liv og røre!

Her låner Lise onkelen sitt fotoapparat, og tek bilete av Matea og Simon:


Heimvegen gjekk veldig raskt, i alle fall for Lise sin del... Dei vakne timane brukte vi særleg til å lære oss songane frå Livsglede 4, heilt til vi nådde Sandsfjorden.


Sand nærmar seg, og då er vi så godt som heime att. Det vart mange mil i bil, og mange gode opplevingar i Norhordland!


Så endå litt ferskare opplysningar... I dag arrangerte småskulen pinsegudsteneste, og alle skulle ha med kvar sin bukett blomar. Jens og mamma ordna denne:


I ettermiddag var det fotballkamp mellom Erfjord 1 og Jelsa. Det vart ein jamn kamp!


Laga var om lag like gode, og det var mange både målsjansar og mål på begge sider.


Også på  sidelinja var det aktivitet. Signe åt den eine Marie-kjeksen etter den andre (som i hennar hovud no sikkert er ein fotball-kjeks, sidan vi hadde det med sist det var kamp også...), og Lise og Trym fann ein alternativ bruk av målnett...


Til slutt stod det 6-5 til Jelsa, og begge laga hadde god grunn til å vere nøgde.


Ingen kommentarer: