torsdag 30. juli 2015

Danmarkferie del 6: Jorda rundt på 80 sekund

Så er vi komne til siste dagen av danmarksturen, og om kvelden skal vi ta båten tilbake til Kristiansand. På veg tilbake til Hirtshals har vi eit par stopp. Det første er i den vesle bygda Klejtrup utanfor Hobro. Her er det blant anna ein liten leikepark.



Dei to store hoppeballongane slo godt an, det same gjorde ponnien og eselet. Dei kunne kose med dei, og litt seinare vart det tur i vogn!


 Hovudattraksjonen ligg derimot nærare sjøen, og er det som er grunnen til at vi stoppa her: Verdskartet!


 Grunnleggaren av parken, Søren Poulsen, bygde eigenhendig ein modell av verdskartet, mellom 1943 og 1969. Steinane frakta han ned i trillebår eller slede, og så bygde han altså dette kartet i løpet av alle desse åra. Det ligg der fortsatt, og er eit imponerande syn.


Her kan vi gå frå land til land, og krysse det eine kontinentet etter det andre. Dei fleste landa er merka med flagg, og han la også inn dei største elvane og innsjøane.


Jens sprang rundt og var innom alle landa i løpet av kort tid, og Signe har plumpa uti Lake Superior...


Huset til grunnleggaren, som fekk ideen til verdskartet då kommunen måtte drenere delar av innsjøen. Dermed vart hamna hans ikkje lenger brukande. I prosessen dukka det opp ein stein som likna litt på Jylland, og Søren Poulsen fekk ein ide til noko den tidlegare hamna kunne brukast til...


Etter å ha vandra verda rundt ei stund, gjekk turen vidare nordover langs E45. Det er litt uvant å køyre i 120 km/t, men vegane er såpass gode at det ikkje føles så raskt likevel.


Neste stopp: Ålborg.



Ein liten kikk på Ålborghus slott:


Til slutt køyrde vi til Hirtshals. Det var litt tid att å slå i hel, så vi køyrde ut til fyret og fekk litt overblikk over byen:


I Nykøbing kjøpte vi ein drake, men det var for lite vind til å fly med den då. I Hirtshals var det plenty nok vind, så vi prøvde å fly med den der. Vi fekk den opp nokre gongar, men vinden var så sterk at vi mista kontrollen ganske raskt...


Båten legg ut frå hamna i kveldinga:


Hirtshals fyr, sett frå båten:


Til sist var det berre Skagerak att mellom oss og Norge. Årets store blåtur var over.


onsdag 29. juli 2015

Danmarkferie del 5: Nykøbing Mors

Etter endå to dagar med mykje køyring, og ein lang heimreisedag i vente dagen etter, var vi klare for ein dag i meir lokale omgjevnader att. I første omgang svært lokalt - med ein roleg morgon på området der me budde. Både på leikeplassen rett utanfor vindauget vårt...


...og med leik i den tilhøyrande idrettshallen:


Så køyrde vi dei få kilometrane over til øya Mors og byen Nykøbing. Endeleg ei gågate med opne butikkar og mykje folk!


Midt i gågata var det sett opp ei stor konsertscene, eit hoppeslott og ein tombolabod. Det var ingen tvil om kva som trakk aller mest...


Jens prøvde seg også på boksekasting, utan den store vinnarlukka. På tombolalodd vann han derimot ein slik "liten" slikkepinne som ligg på bordet. Stor lukke!


Buffetlunsj på ein kinesisk restaurant:


Fin gågate!


Og god stemning!


Etter lunsj køyrde vi til austsida av byen, der vi kom heilt ned til strendene mot Limfjorden. Her var det mykje å finne på!







Lise syns det var litt vel kaldt...


På veg heim att køyrde vi innom den vesle bygda Glyngøre. Derifrå kunne vi ta bilete av Sallingsundbrua, som vi nettopp hadde køyrt over:


Brua er for øvrig avbilda på dei danske halvtress-lappane...:


Glyngøre:


Nesten heime att. Den vanlege vegen vi køyrde til Roslev, gjekk midt mellom desse fem vindmøllene:


Og Roslev ligg her bak trea ein stad. Legg for øvrig merke til varselskiltet som åtvarar om svingen. Eg kan garantere at ingen så mykje som ville vurdert å merke den svingen med eit skilt her blant vestlandsfjella...


Så var vi til slutt heime att på rommet. Då er det berre å lene seg tilbake i stolane, drikke ein Faxe Kondi og fordøye inntrykka frå dagen...


tirsdag 28. juli 2015

Danmarkferie del 4: Ei dyrisk oppleving

Det er allereie ei veke sidan, men inntrykka sit fortsatt fast. Særleg hos Signe, som opplevde danmarkturen sitt desiderte høgdepunkt denne dagen. Vi var nemleg i dyreparken Givskud Zoo! Dette er ein litt spesiell dyrepark, sidan mykje av opplevinga er lagt opp som bilsafari i eigen bil. Undervegs var det store parkeringsplassar, og frå dei kunne vi gå rundt og sjå nærare på andre dyr.


Signe vinka ivrig til fleire av dyra. At responsen kanskje ikkje stod heilt i stil til iveren, var mindre viktig...


Nasebjørnen var kanskje det einaste dyret som skremte Signe litt. Plutseleg sprang han oppover i treet, og var nok litt uberekneleg:


Kamel. Slett ikkje skummel:


Det er sjeldan å sjå slike skilt når ein er ute og køyrer...


Innanfor bilslusa, og forbi store skilt som av ein eller annan grunn forbyr oss å gå ut av bilen, kviler ei hannløve saman med 13 løvinner. Lite action å spore, men det er kanskje like greit?


Guanako, på den sør-amerikanske delen av safarituren:


Flodsvin:


Bison:


Bongo (store med striper) og noko mindre springbukkar:


Sebra:


Ei lita stund lurte vi på om denne karen hadde tenkt å stikke hovudet inn bilvindauget vårt, men han nøydde seg med å sjå ned på oss...:


Sebramangustane poserer for fotografen:


Dette dyret er av dei meir asosiale. Dei trivst best aleine, og søker berre mot andre dyr av arten eit par timar annankvart år, for å formeire seg:


Berberapane var eit høgdepunkt på turen. Særleg den ganske så ferske krabaten litt til høgre på bildet, som utforska verda på ein svært så klumsete måte...


Rein nyting:


Sjarmør:


Gorillaane hadde trekt inn, og det var ganske trangt framfor vindauga. Eg kom difor ikkje nærare enn dette. Det var synd, for på andre sida av glaset sat dyreparken sin kanskje største attraksjon: Gorillaen Samson. Danskane hadde bortimot same forhold til han, som vi har til sjimpansen Julius. Berre to dagar etter at vi var her i parken, døydde Samson. Då var han nærare 45 år gamal!


På siste safarisløyfa kunne vi blant anna sjå nashorn og kvithalegnu:



Rosa flamingo (Dei frie flamingoane får rosafargen frå små krepsdyr dei et. I Givskud har dei tilsetjingsstoff i maten, som gjer at fjørdrakta held seg rosa. Dette er kanskje ikkje lov i Norge, sidan flamingoane i Kristiansand er kvite (?))


Vi var litt usikre på om vi skulle tore å gå inn denne blindvegen...


Jepp, her lever vi farleg!


Imponerande modellar!


Det er kanskje ikkje så bra å tenkje slik, men eg er djupast sett glad for at mange av artane vi såg her er utrydda...


Eit meir levande, men like fredeleg dyr: Kjempeoteren:


Siste stopp for dagen var leikeplassen like ved der vi åt middag. Blant leikeapparata gjekk det ein koseleg flokk geiter rundt, og dei var veldig glade i kos og klapp!