tirsdag 7. juli 2015

Bibelcamp 2015 del 2

Onsdag morgon på bibelcampen starta litt spesielt. Signe vakna halv fem, og fekk ikkje sove att. På teltdelen av ein campingplass er det veldig lytt, og slett ikkje enkelt for ein toåring å vere stille. Difor tok eg henne med på ein køyretur, slik at alle andre skulle få sove i fred, og kanskje ville ho få sove i bilen. Det fekk ho!

Då Lise var eitt år løyste vi same utfordring på nokolunde liknande vis. Eg hugsar eg durte rundt i Lyngdal, og eine morgonen køyrde eg heilt opp til Konsmo. Det er igrunn ein fin måte å sjå seg rundt på, og så tidleg på dag er det svært lite trafikk. I tillegg var det flott morgonsol og mykje vakker natur å køyre gjennom!
 

I år vart det med denne eine turen, og vi køyrde vestover mot Lista fyr. Det er ikkje så ofte eg er heilt ute i ytste havgapet, så det å sjå ein slik lang horisont er ikkje kvardagskost for ein som bur mellom høge fjell langt inne i ein fjord.



Sidan Signe sov i bilen, kunne eg ikkje gå opp til sjølve fyret. Men naturen rundt var meir enn vakker nok og absolutt verdt turen!





På veg tilbake mot Lyngdal, stoppa eg opp i hamna i Farsund og tok nokre bilete av denne vakre sørlandsbyen:








Så køyrde vi tilbake til Lyngdal og handla mat på Kiwi til frukosten. Vi gjekk inn i det dei opna klokka 7, og Signe køyrde handlevogn i berre pyjamasen... Så køyrde vi tilbake til dei andre på campen, og dagen kunne starte for alvor.


Ingen kommentarer: