tirsdag 28. juli 2015

Danmarkferie del 3: Danmarks bjerge

Det danske landskapet er ganske så annleis enn naturen vi omgir oss med til dageleg. Eg såg meir horisont i løpet av veka i Danmark, enn eg gjer på eit heilt år elles. Og det å få oversikt over bygdene vi køyrde inn i var nesten umogleg. Alt låg jo på same planet!

Men det er vakkert - og det er greit å oppleve andre typar natur enn den vestlandske. I alle fall for ei veke.

Når det er sagt og skrive, så må det seiast at det også finst kupert terreng i Danmark. Det er berre litt ... slakare ... kupert.




Her står vi i det tolv meter høge tårnet på Ejer Bavnehøj - Danmarks tredje høgste punkt. (Men det høgste punktet, viss vi reknar med tårnet).


Fin utsikt, 170,35 meter over bakken! (Ja, pluss det 12,47 meter høge tårnet, sjølvsagt)


Sjølve turen opp på høgda var svært lite strevsom. Her står bilen på parkeringsplassen - rett under tårnet. Men det var tunge trapper, då...


Ein kan seie mykje artig om dei danske "fjella". Vi kom over denne boka i ein bokhandel, og syns tittelen er ganske ironisk i seg sjølv:

http://www.danskebjerge.dk/artikler-bakkebog.htm

Men boka er full av flotte bilder, og forfattaren, som faktisk er norsk, har skrive både morsomt og alvorligt om dei danske høgdedraga. (Viss du trykker på bildet, kan du lese meir om boka)

Like bortanfor Ejer Bavnehøj, ligg Danmarks høgste punkt: Møllehøj, som ravar over den andre høgda (...) med sine 170,85 meter. Denne møllesteinen er alt som står att etter mølla som brann i 1917:


Etter lunsj på Møllehøj, var vi både mette og mette på danske høgdedrag. På tide å setje kursen mot andre mål! Her går vi tilbake mot Ejer Bavnehøj, og tårnet på høgda. Vi gjekk i ei lita "gate" gjennom beitemarka til ein kuflokk. Det var sett opp straumgjerder på begge sider. Sjå godt etter på bildet, og sjå kva minstejenta held på med... og i same slengen: Gjett kven som sekundet etter fekk seg ein ubehagleg overrasking... (Er det andre enn oss som syns det er vanskeleg å forklare slike ting til toåringar?)


Ein annan ting om dansk natur: Langs vegane vi køyrde var det svært ofte store korn- eller potetåkrar. Det er uvant å sjå så mykje dyrka mark!


Etter "tonutsturen" tok vi vegen til Silkeborg, og den vesle leikeparken Labyrinthia. Her var det leik og tankenøtter som stod i fokus!


Vi gjekk blant anna i den store labyrinten, og brukte bortimot ein time på å finne alle dei åtte postane og kome oss ut att. Det var i det heile ei forvirrande og, i alle fall i starten, noko frustrerande oppleving. Men samtidig veldig artig!


Etter x antal blindvegar, kom vi endeleg i mål: Stempel frå alle dei åtte postane!


I tillegg til fleire ulike typar labyrintar utandørs, var det eit stort innandørs rom der det var sett ut eit utal spel og tankenøtter. Borna, og vi, kosa oss ganske så lenge der, og vi enda med å kjøpe med oss nokre av spela...


Ein annan plakat, frå gågata i Viborg:


Vi kom ganske seint til byen, så sjølv om vi fekk kjøpt oss mat, var det elles ganske stilt i gatene. Tippar denne gågata hadde vore litt livlegare med fleire folk og opne butikkar...


Ingen kommentarer: