onsdag 29. juli 2015

Danmarkferie del 5: Nykøbing Mors

Etter endå to dagar med mykje køyring, og ein lang heimreisedag i vente dagen etter, var vi klare for ein dag i meir lokale omgjevnader att. I første omgang svært lokalt - med ein roleg morgon på området der me budde. Både på leikeplassen rett utanfor vindauget vårt...


...og med leik i den tilhøyrande idrettshallen:


Så køyrde vi dei få kilometrane over til øya Mors og byen Nykøbing. Endeleg ei gågate med opne butikkar og mykje folk!


Midt i gågata var det sett opp ei stor konsertscene, eit hoppeslott og ein tombolabod. Det var ingen tvil om kva som trakk aller mest...


Jens prøvde seg også på boksekasting, utan den store vinnarlukka. På tombolalodd vann han derimot ein slik "liten" slikkepinne som ligg på bordet. Stor lukke!


Buffetlunsj på ein kinesisk restaurant:


Fin gågate!


Og god stemning!


Etter lunsj køyrde vi til austsida av byen, der vi kom heilt ned til strendene mot Limfjorden. Her var det mykje å finne på!







Lise syns det var litt vel kaldt...


På veg heim att køyrde vi innom den vesle bygda Glyngøre. Derifrå kunne vi ta bilete av Sallingsundbrua, som vi nettopp hadde køyrt over:


Brua er for øvrig avbilda på dei danske halvtress-lappane...:


Glyngøre:


Nesten heime att. Den vanlege vegen vi køyrde til Roslev, gjekk midt mellom desse fem vindmøllene:


Og Roslev ligg her bak trea ein stad. Legg for øvrig merke til varselskiltet som åtvarar om svingen. Eg kan garantere at ingen så mykje som ville vurdert å merke den svingen med eit skilt her blant vestlandsfjella...


Så var vi til slutt heime att på rommet. Då er det berre å lene seg tilbake i stolane, drikke ein Faxe Kondi og fordøye inntrykka frå dagen...


Ingen kommentarer: