torsdag 30. juli 2015

Danmarkferie del 6: Jorda rundt på 80 sekund

Så er vi komne til siste dagen av danmarksturen, og om kvelden skal vi ta båten tilbake til Kristiansand. På veg tilbake til Hirtshals har vi eit par stopp. Det første er i den vesle bygda Klejtrup utanfor Hobro. Her er det blant anna ein liten leikepark.



Dei to store hoppeballongane slo godt an, det same gjorde ponnien og eselet. Dei kunne kose med dei, og litt seinare vart det tur i vogn!


 Hovudattraksjonen ligg derimot nærare sjøen, og er det som er grunnen til at vi stoppa her: Verdskartet!


 Grunnleggaren av parken, Søren Poulsen, bygde eigenhendig ein modell av verdskartet, mellom 1943 og 1969. Steinane frakta han ned i trillebår eller slede, og så bygde han altså dette kartet i løpet av alle desse åra. Det ligg der fortsatt, og er eit imponerande syn.


Her kan vi gå frå land til land, og krysse det eine kontinentet etter det andre. Dei fleste landa er merka med flagg, og han la også inn dei største elvane og innsjøane.


Jens sprang rundt og var innom alle landa i løpet av kort tid, og Signe har plumpa uti Lake Superior...


Huset til grunnleggaren, som fekk ideen til verdskartet då kommunen måtte drenere delar av innsjøen. Dermed vart hamna hans ikkje lenger brukande. I prosessen dukka det opp ein stein som likna litt på Jylland, og Søren Poulsen fekk ein ide til noko den tidlegare hamna kunne brukast til...


Etter å ha vandra verda rundt ei stund, gjekk turen vidare nordover langs E45. Det er litt uvant å køyre i 120 km/t, men vegane er såpass gode at det ikkje føles så raskt likevel.


Neste stopp: Ålborg.



Ein liten kikk på Ålborghus slott:


Til slutt køyrde vi til Hirtshals. Det var litt tid att å slå i hel, så vi køyrde ut til fyret og fekk litt overblikk over byen:


I Nykøbing kjøpte vi ein drake, men det var for lite vind til å fly med den då. I Hirtshals var det plenty nok vind, så vi prøvde å fly med den der. Vi fekk den opp nokre gongar, men vinden var så sterk at vi mista kontrollen ganske raskt...


Båten legg ut frå hamna i kveldinga:


Hirtshals fyr, sett frå båten:


Til sist var det berre Skagerak att mellom oss og Norge. Årets store blåtur var over.


Ingen kommentarer: