torsdag 13. august 2015

Bursdag i sommarsol!

Dei som er så heldig å bli 9 år, får ikkje berre ei bursdagsfeiring, men to! I dag var det barneselskap som stod for tur, og været viste seg frå si aller beste side i anledning dagen.


Så varmt var det, at dei unge gjestane heldt på å smelte vekk i varmen på altanen. Då var det godt å ha litt is og frukt å kjøle seg ned på. Og jammen dukka det ikkje opp ei fotballbanekake denne gongen også!


I slikt fantastisk vær ligg alt til rette for uteleik, så vi gjorde mykje av det. Jens ville gjerne leike boksen-vink, så vi starta med den, etterfulgt av ballongkonkurranse. Her skulle dei blåse opp kvar sin ballong, for så å sleppe den og prøve å få den til å lande nærast mogleg eit utpeikt mål. Det var ikkje alltid like lett å få den til å fly dit ein vil - enn sei i riktig retning!


Det er kanskje ikkje så lett å sjå på bildet over, men der står altså ein to år gamal spion på altanen og følgjer med på det heile.

Mot slutten av selskapet leika vi "Finn mordaren", der ein detektiv skal avsløre ein mordar. Dei "vanlege" + mordaren går rundt og handhelsar på kvarandre. Mordaren skal trykke to gongar, og den han helsar på må då leggje seg ned kort tid etter. Så gjeld det å avsløre kven som får dei andre til å leggje seg ned. Det er slett ikkje like lett alltid!

For Lise sin del kom høgdepunktet i feiringa like etter at selskapet eigentleg var over. Då var det doktortikken i hagen, medan den eine etter den andre vart henta. Dei fleste var nok gode og varme då dei gjekk frå selskapet!


Etter to kjekke timar var selskapet over, og gjestane blitt henta. Signe, Lise og Jens leikar seg med skuggane på muren (Det har rett og slett ikkje vore så mange dagar i sommar då dette har vore mogleg, så det var ganske artig å oppdage dei tydelege skuggane!)


Signe tok like godt ei heil danseoppvisning...


Det var litt skummelt med så mange store på besøk, så då hagen var blitt tom att, våga ho seg ned og slo seg laus på plenen ho også!


Til slutt ein liten kikk inn i leikehytta, der møblane no er plass att over det nymalte golvet:


onsdag 12. august 2015

Ein runde i hagen

Nokre glimt frå hagen i ettermiddag! Både blomar...




 Nysgjerrig katt...


Fleire blomar...


Endå fleire blomar...


og ein veldig nysgjerrig katt... 


Signe og katten fann tonen på plenen. I alle fall ei stund. Signe prøvde å lage piggsveis på ryggen hans - og det likte han så dårleg at han til slutt såg seg nøydd til å daske til henne på kneet. Etter det gjekk dei kvar til sitt...

Nina har hatt eit make-over-prosjekt på gang i leikehuset. Nokre av møblane har fått ny farge:


Og underlaget ho brukte då ho spraya møblane, var det gamle vegg-i-frå-vegg-til-veggteppet, som no altså er fjerna og kassert. I byte har golvet fått ein ny, flott gråfarge!


mandag 10. august 2015

Etnemarknaden

På veg heimover frå Bømlo, svinga vi innom Etnemarknaden ein tur. Der har vi aldri vore før, så vi tenkte at det er sikkert gøy!

For ungane var det særleg to store høgdepunkt. Først å sjå hundane i agility-løypa:


... og så tivoliet, sjølvsagt!


Sjølv om det ikkje vart gevinst i lykkehjulet...


Og berre nesten treff på tallerkane. Ballen traff den raude kanten og spratt oppover:


På veg tilbake til bilen gjekk vi innom husdyrteltet. Signe vinka og ropte til dei fleste dyra. Berre den eine sauen gav respons (men då var det til gjengjeld ikkje så kjekt lenger - den litt høglytte brekinga var nok litt uventa...)



lørdag 8. august 2015

Balestrand, Bømlo og bursdag

Etter vel ei veke på farten, er det kanskje på tide å leggje ut nokre glimt att. Den siste veka har vi vore saman med familie og vener, og også lagt nokre mil bak oss. Lise og Jens starta ferieturen førre søndag, då dei reiste til mormor og morfar. Torsdagen kom vi andre etter, plukka dei med oss og køyrde til Balestrand.


Her var heile familien samla - og det er meir enn to år sidan sist! Fredag kveld og laurdag føremiddag var vi altså 18 stykker samla, og det var nok ei litt meir kaotisk stemning rundt farmor og farfar enn dei har til kvardags...


Den nye leikeparken på skulen vart behørig testa ut:



Her var det noko for ein kvar smak!




Signe og Mateo fann roen i den store reila:


Det vart nokre rundar svarte-per (med gnavkort...) Her held onkel Arild på å gjere ein brølar...:


Endå godt han har idiotsikre sokkar!


David går på vatnet...


Tante Anne Margrethe reiste laurdag, og onkel Arild og søskenborna i Jølster reiste søndag ettermiddag. Måndagen var vi blant anna på is-tur til Holmen saman med tante Eva og dei:


Mateo syns det var litt kaldt. Godt det finst jakker å låne!


Andre vel heilt andre løysingar... (truleg inspirert av aktivitetane i klatreparken?)


Tysdag køyrde vi sørover att. Ein lengre pause i Bergen, med middag med utsikt over Torgallmenningen, shopping og ein tur på biblioteket. Og ein del artige utforskingar i byrommet:


På Bømlo. Lise ventar på at vi andre skal kome ut og leike:


I leikepark på Heiane, saman med Annbjørg og borna:


Kjekke timar i godt selskap!


Og så kom endeleg den store dagen, som det har blitt telt ned mot i lengre tid: 9-årsdagen til Jens!


Han fekk både spel, lego og ein god del bøker, og gjekk raskt i gang med ... bygging, lesing og speling!


Gåvene:


Fire kokkar lagar kake. Dette må jo bli bra!


 Den ferdige kaka:


Så vart niåringen behørig feira, og vi begynner å nærme oss slutten på årets "familietur"...


torsdag 6. august 2015

Ein milepæl!

I dag har vore den store skoknytedagen her i huset! Repetisjon er all lærdoms mor, og då Lise oppdaga at ho fekk til å knyte sko, let ho seg ikkje be to gongar...


Rundt, gjennom...


... og stram!


Så no kan ho knyte sine eigne sko, og dei har ikkje vore av beina heile dagen. Og viss du lurte på kva for sko ho har lyst å ha på første skuledagen, er svaret allereie gitt...