søndag 1. november 2015

FORUT-løp og gardsbesøk

Fredag vakna vi opp til ein fantastisk austhimmel:


Signe og katten var ute og såg på soloppgangen.



Det var igrunn greitt at det var så pass fint vær denne dagen, for fredag var dagen det store FORUT-løpet skulle arrangerast. Elevane ved Erfjord skule har skaffa seg sponsorar, og sprang i 30 minutt rundt idrettsbana. Dei samla inn ein del tusen til FORUT, som i år skal hjelpe jenter i Nepal å få gå på skule. Her er dei snart klare til start:


Etter løpet laga elevane mandala, og gruppa til Jens laga denne flotte blomen:


I går fekk vi uventa besøk på altanen. Ein liten fuglekonge-unge fauk i vindauget vårt, og trengte litt tid til å komme seg. Publikum fulgte spent med:


I går ettermiddag fekk Lise kome på gardsbesøk hos Jarle på Østerhus. 


Det vart besøk både hos kalvane, kyrne, dei nyfødde grisungane...


...og hos dei litt fleire veker gamle grisungane, som det nok var litt meir futt i:


I bilen heim lista ho opp dei fire tinga ho skulle fortelje mamma frå besøket:

1) at ho fekk halde ein grisunge
2) at ho fekk styre traktoren
3) at ho fekk mjølke ei ku
4) at den eine grisungen prøvde å bite i støvelen hennar

Eg trur det var ei stor oppleving, så takk for fin guiding, Jarle!


Ingen kommentarer: