søndag 22. november 2015

Kleppsnuten i 5 minus

Det er ei stund sidan sist vi var på Kleppsnuten. Minst eit par år. Så då det vart meldt sol og blå himmel for denne dagen, bestemte vi oss for at NO var tida inne for ein ny tur! Vi var litt i tvil då vi såg at det var mange minusgrader ute, men alle ting kan fiksast med ull og gode dressar. Og to termosar med varmt vatn og kakao i sekken...


Ein fordel med frost, er at bakken er hard og stødig å gå på. Myra var ikkje noko problem i dag... Og det er alltid mange fine byggverk å finne langs stien!


Første delmål for turen, var å kome opp til Klovnesteinen. Vi såg at der var sol, og kan vel ikkje seie anna enn at det gav litt ekstra motivasjon. Likevel gjekk det ikkje så veldig raskt, for Signe ville gjerne gå mesteparten av vegen opp dit på eigne bein.


Same stein, frå ein annan vinkel, etter ein liten pause og passering av myra:


Ikkje den verste utsikta langs vegen!


Så nådde vi toppen! Bamsus var med heile vegen, og verka begeistra over utsikta. Vi andre var begeistra over både utsikta og varm kakao...


Det er ikkje kvar dag at vi langt inne i fjordane får sjå sola gå ned i havet. Eit vakkert syn!



Blåne bakom blåne:


Dei siste solstrålane denne dagen:


Etter solnedgang er himmelen rosa, og månen lyser klart over eit goldt og vakkert landskap.



Den siste etappen av turen ned att var det begynt å bli mørkt. Då er det godt at vi kjenner stien, og ikkje er mørkeredde!



4 kommentarer:

anemonen sa...

Vilka vackra vyer ja rent bedårande är de. Härligt att vandra i den naturen.

Powell River Books sa...

A beautiful fjord. Our Powell Lake float cabin home is on a fjord that was cut off from the ocean following the ice age. - Margy

Anonym sa...

Wow - fabulous shots of the scenery.

Rajlakshmi sa...

Wow the views are spectacular... Amazing captures.