torsdag 4. februar 2016

Risk


Det begynner å bli nokre år sidan eg spelte Risk sist. Nina er ikkje så veldig begeistra, og til no har borna vore for små. Men no har det skjedd store ting! Jens har funne interessa, og vi er no på tredje kampen på under ei veke...

Slik såg det ut då vi måtte ta pause for kvelden. Eg har grøn og Jens har gul (blå er nøytral):


Sidan Jens har vasskoppar, og Signe og eg har fri om fredagane, vert det ein roleg Risk-dag i heimen. Så får vi sjå korleis det utviklar seg når kampen fortset - endå er alt ope! 


Ingen kommentarer: