onsdag 30. mars 2016

Mars-glimt

Hadde eg vore ein annan enn meg sjølv, ville eg sagt: "Du store alpakka!" når eg såg innom denne bloggen igjen. No er eg ikkje ein annan, men likevel seier eg det. Eg er noko skuffa over min eigen blogginnsats denne vinteren, for å seie det slik... Så no prøvar eg ta igjen alt. På ein gong! Hald deg fast, her begynner bilderaset:


Fotballturnering på Sand. Lise grua seg ein del på førehand, men heile turneringa vart ein stor opptur. Så kjekt det var å spele! No er ho gira som aldri før.

Bildet under er frå Gullingen. Kjekt med ski og basing i snøen!


Onsdag 16. stod eg på kaia på Sand og venta på båten. Først kom desse koselege fuglane forbi:


Og så kom båten, og inni den sat sjølvaste Jarle Waldemar! Dermed kunne vi ta imot born frå heile Suldal, fylle bedehuset og vere med på barneshow. Det var gøy! (Det er forresten mogleg å lese meir om dette i Suldalsposten: Jarle Waldemar i Erfjord)


For Signe og meg starta påskeferien ein dag før dei andre. Dagen brukte vi til å kappe opp og stable ved, og då trengst det godt med lunsj til å fylle på energilageret! Lenger borte her sit katten, men han kom dessverre ikkje med på bildet. Dei hadde ein hyggeleg samtale, verka det som!


Hyggeleg er det også å få hjelp på kjøkkenet. Tre kokkar, litt søl og veldig gode pannekaker:


Eit utval av påskepynten, det meste er årets kreasjonar i skule og barnehage, i tillegg til litt frå eit etterkvart rikhaldig lager:


Det har blitt tradisjon å reise til Sogn i påska - så også i år. Planane vart likevel litt endra. Onkel Andreas døydde rett før påske, så starten av ferien gjekk til Bømlo og begravelse. Det var ein fin seremoni i kyrkja og eit verdig farvel med ein flott mann. Og så er det godt å tenkje på at døden ikkje er det siste!

Dagen etterpå køyrde vi nordover. Ein liten handlestopp på Åsane senter, der ungane brukte forholdsvis mykje tid på ein karusell... Og som de ser, har Lise Bamsus med seg. Han var med heile vegen, og det vart mykje å fortelje om i klassen etter ferien!


Klatreparken ved skulen i Balestrand står fortsatt (...) og kunne då såvisst brukast også om det var regn og litt kaldt. 


Kappspringing heim att, på gangvegen som var skulevegen min i ei årrekke:


Vakre Balestrand:


Påskeaftan laga vi til rebus i hagen, og ved enden av jakta låg skatten: Tre påskeegg!


Ei påske går fort, og påskedag reiste vi heim att. Sidan Vikafjellet var stengt, køyrde vi om Bergen. Det var relativt lite trafikk, og vi traff godt med fergene. I tillegg er borna blitt så store at dei toler lengre strekk om gongen. Dermed gjekk det radigt sørover, og vi var heime etter "berre" 7,5 time! Her er vi på ferga mellom Lavik - Oppedal. (Og berre i tilfelle de syns det ser litt stusseleg ut for Signe sin del, så løfta eg henne altså opp så også ho fekk sjå etter at bildet vart teke...)


Heime vart vi møtt av ein hage som var fleire hakk nærare våren enn ei veke tidlegare. Sjå på desse fantastiske undera som tittar opp av bakken etter vinterkulda!





All reising og besøking tek på. Greit å roe ned med eit varmt bad. Og greit å kunne hjelpe kvarandre!


Vel, det var det.

Fornøgd med meg sjølv no, ja!

Ingen kommentarer: