søndag 17. april 2016

Glimt frå søndagstur til Klokkåsen

Vi er for alvor i gong med tursesongen! Førre helg gjekk vi opp til boka på Erøy rundt, og dermed er 4 av 6 turfant-turar unnagjort. I dag tenkte vi oss eigentleg på Hegreheia, men sidan vi skulle på Gudsteneste om ettermiddagen, måtte vi safe litt og ta ein kortare tur. Dermed vart det Klokkåsen, og det er ikkje mogleg å angre på det valet. Berre sjå:






Lunsj med utsikt!



No er det berre å lade opp til 17. mai; "Erfjord vår heimbygd, med fjell og med fjord..."



Ja, eg var der eg også...



Det var litt av ein merkedag i dag: Første fjelltur saman med Signe utan å ha bereselen på lur! Ho gjekk heile vegen opp, og store delar av vegen ned. Å gøyme seg og skremme mamma var ein god motivasjon på slutten. Om att og om att og om att...


Og om att.

1 kommentar:

Chandra@GreenComotion sa...

Very nice photos of the scenery and your trekking expedition!
It is very good exercise, for both body and mind, to trek.
I enjoyed seeing your neighborhood through your lens.
Have a Happy Week!
Peace :)