tirsdag 12. juli 2016

Roma!

'Den hemmelege ferien' (hemmelig for ungane) gjekk i år til Roma! Dei visste ikkje noko før vi stod i innsjekken på Sola, og det var spennande å ta fly! (Jens har gjort det ein gong før, men då var han berre eitt år, og hugsar jo ingenting av det.) Signe var veldig begeistra, både over flyturane, og særleg over rullefortaua inne på Schiphol...


Mykje kjekt å sjå på medan ein ventar på flyet!


Vi budde i Camping Village Roma, eit flott anlegg i utkanten av byen. Her var det roleg og fint, og det trakk heller ikkje ned at der var stort og fint basseng!


Campinglandsbyen hadde fleire hundre småhytter, ryddig organisert i gater. Vi budde i ei hytte med to soverom, to bad, kjøkkenkrok og veranda. Det var over 30 grader og sol heile veka, så vi var helst på verandaen når vi var ved hytta.


Ein av mange små fine firfisler som pilte i skjul snart vi kom for nær:


Ved Tiberen:


Inne på Colosseum. Det er eit imponerande byggverk, men ganske ubehageleg å tenkje på kor mange drap som har blitt utført i det som no er ein turistattraksjon:



Oppe på Palatinerhøgda. Her er det god utsikt mot både Colosseum og Titusbogen (over) og Forum Romanum (under), der keisarar og senatorar har slitt skoa sine nokre hundreår før vi var der.


Vi var også ein tur inn i verdas minste stat - Vatikanstaten. Det aller gjevaste der var nok kanskje å klatre til topps i Peterskyrkja og få DEN utsikten over byen.
På veg opp dei 551 trappetrinna hadde vi ein liten pause ute på eit galleri over hovudskipet i kyrkja. Menneska nede i kyrkja såg ut som maur då vi kikka ned! Litt zooma inn såg det slik ut:


Utsikta oppe frå tårnet:
Her ser vi ned på Petersplassen, og bak til venstre kan vi sjå litt av Borgheseparken, som du kan sjå fleire bilder frå lenger nede.



På veg ned frå tårnet går vi ei stund på taket av Peterskyrkja!


Og inne i sjølve kyrkja. Roma vart ikkje bygd på ein dag, og det vart nok heller ikkje Peterskyrkja...


Nina kastar ein mynt ut i Trevifontena (venstre hand over høgre skulder). Ho kjem nok tilbake til Roma!


Det var kjekt å gå i gatene i Roma og berre kjenne på stemninga. Her var sjølvsagt mange turistar, og også mange som ynskte å tene pengar på alle oss tilreisande. Av det meir irriterande slaget var alle som tilbyr deg vassflasker, og ikkje gir seg før du har svara nei tre og fire gongar. Litt koselegare var det å møte folk som kunne tilby ting det var verdt å kjøpe, som denne mannen som teikna karrikaturar eller portrett. Her fekk vi med oss fine teikningar av borna!


Ein hest på Piazza di Spagna (Spanskeplassen) som var glad i kos:


Lise og Signe på veg til Panorama, ein stor matbutikk like i nærleiken av campingen. Denne gangbrua fører over hovudvegen, og takk og lov at vi ikkje måtte krysse på gateplan. Og takk og lov at eg ikkje køyrde bil sjølv...


På veg ned til metroen. Det var stas å køyre undergrunnstog! Viss du spør Signe kva ho synst var kjekt i Roma, er sjansane store for at ho svarar: "Køyre buss, køyre tog og køyre fly!"


Nokre bilder frå Borgheseparken, der vi tilbrakte ein av dei siste dagane. Her var det mykje kjekt å ta seg til!







Utsikt over byen frå Borghese-parken. Kuppelen langt der bak er tårnet på Peterskyrkja:



Så var veka vår i Roma slutt, og vi returnerte til eit noko kaldare og våtare Norge. Heldigvis var det nokre dagar med fint vér i slutten av førre veke, slik at overgangen ikkje vart så veldig stor. Her flyg vi inn over Sola:


Hemmeleg ferie er jammen stas!!

Ingen kommentarer: