søndag 16. mars 2014

Familieleir på Stemnestaden

Dei to siste dagane har vi vore på leir på Stemnestaden på Grinde. Med litt guidehjelp fann vi fram til rett plass, og kunne bruke helga til å vere sosiale, ete god mat og delta på gode møter og samlingar.


Deltakarane kom frå heile Suldal, og med smått og stort var vi nærare 120 personar til stades.  


Den store attraksjonen for Lise var karusellen. Ho snakka mykje om den, og den mista ikkje glansen etter å ha blitt prøvd heller. Dessverre var det mykje regn i helga, så det var ikkje alltid så fristande å gå ut og leike. Men laurdags morgon var det blå himmel og sol eit par timar, og då gjaldt det å benytte sjansen!


Medan det var møte for oss vaksne, førebudde dei ulike barnegruppene gudstenesta som var i føremiddag. Blant anna baka dei nattverdbrød, øvde på songar, laga palmegreiner og øvde inn dramatisering av Jesu inntog i Jerusalem. 


Laurdag ettermiddag var det eit stort ope hol i programmet, der det var lagt opp til at vi kunne velje blant ei rekke aktivitetar. Det vart mellom anna arrangert fjelltur, klatring i klatrevegg og svømming i svømmehall. I det vi nemnde Leos leikeland som eit alternativ, bleikna midlertid alt anna. Valet var visst rimeleg enkelt!


Lise i den store sklia:


Også for slike som Signe har dei eit godt tilbod, med ei eiga, avgrensa avdeling i leikelandet. Her er alt ekstra mjukt - til og med legoklossane er mjuke... Og Signe storkosa seg!


Det var litt nifst i ballbingen til å begynne med, men når ho berre fekk sjekka ut akkurat kor mamma var, så vart det litt greiare. Ho brukte mesteparten av tida i bingen til å rekke ballar opp til mamma...


Heime att på Stemnestaden var det leirkveld og kveldssamling, og i dag tidleg var det gudsteneste med påskevandring før vi pakka og køyrde heim att.

Det skal gå lett å la ein slik familieleir bli ein årleg tradisjon...

1 kommentar:

Electra sa...

The faces of the children are lovely!!
So sweet!