torsdag 3. april 2014

Ikkje nokon nullåring lenger

Dei siste dagane har vi måtte innsjå at vi ikkje lenger har nokon nullåring i huset. Den vesle jenta vår er allereie blitt eit heilt år, og feira med brask og bram i går!


Eller, brask og bram og brask og bram. Det gjekk vel heller roleg for seg... 


Prinsessekaka fall i alle fall i smak. Det var nesten som vi ikkje hadde tid til å vente til bursdagssangen var sunge. Særleg sidan syskena ville synge både den norske og den engelske. Ei ulideleg ventetid! Men når kaka først kom, fekk den raskt bein å gå på! Seinare på dagen hadde ho besøk av gode faddernaboar som også fekk smake på kaka. Dei hadde med seg ei kjekk duplobok, og Signe fekk også duplo av søskena sine. Det skulle passe godt, sidan duplo er veldig i vinden for tida...


Den største bursdagsgåva i år er faktisk så stor at jentene får den på deling, og frå heile familien (Og då snakkar eg ikkje berre om oss her på Stølane. Her snakkar vi besteforeldre og tantar og onklar og syskenborn!) Dei får nemleg eit leiketårn med sklie og husker! Eg brukte store delar av ettermiddagen og kvelden i går på montering, men vart likevel ikkje heilt ferdig (men det kan jo seie like mykje om mine noko mangelfulle praktiske skills, som det gjer om storleiken på leiketårnet...)


Eg fekk heldigvis god hjelp undervegs. Jens og Lise henta bord og skruar og skrutrekkar og kva eg elles måtte trenge som kunne hentast. Og Lise ville i tillegg gjerne vere med og skru. Det gjekk ei stund, men så vart det så forferdeleg tungt... (og det er det jo også, i alle fall for ein fireåring!)


Sklia vart ikkje montert på før langt ut på kvelden, men den eigna seg godt til leik også på bakkenivå. I alle fall for bursdagsbarnet, som nærast vart bufast i den grønne renna. Der kraup ho rundt, eller sat og gliste som ein annan konge på haugen!


Vi skal komme tilbake med bilete av det ferdige leiketårnet, når den tid kjem... Dagen tok slutt, og den ferske eittåring kunne sovne etter ein roleg og fin bursdag i solskinnet.

Nokon har verkeleg skjønt verdien av det å vere barn. Følgande setning er eit direkte sitat frå Lise si kveldsbøn i går kveld: "Og Gud, hjelp oss så vi ikkje vekse så fort, men sånn at vi kan vere små lenge."

Det er godt at ikkje alle har det så travelt med å bli store!


Ingen kommentarer: