lørdag 31. mai 2014

Party party

Det var eit strålande syn som møtte Signe då ho stod opp i dag tidleg, og kom inn i stova. Ballongar! Fleire stader i stova låg det samanbunta ballongar klare til å bli hengt opp, og Signe krabba frå stad til stad og strekte seg i heile si korte lengde for å få tak i nokon...


I dag var endeleg den store dagen for Lise sitt bursdagsselskap, og hovudpersonen var rimeleg gira alt då ho vakna. Heldigvis var det ein del praktiske ting igjen å ordne, så det gjekk litt tid på det, og så var det greit å ta eit langt bad saman med veslesyster. Då finn ein litt meir roen, og får ventetida til å gå på ein nesten umerkeleg måte. Her har Signe fått pynta håret...


Siste hand på verket før besøket kjem:


Åtte femåringar og ein sjuåring benka seg rundt bordet på altanen, og vi starta med pakkeleik. Det hang ein ballong for kvar bursdagsgjest festa på rekkverket, og så fekk dei sprekke dei med ei dartpil etter tur. Inne i ballongane låg det namn, og den som hadde namnet sitt på lappen, fekk gje gåva si, og etterpå sprekke den neste ballongen. 


Det var ein solfylt dag som inviterte til mykje uteleik i hagen:



Dessert: Gelé i glas, iskrem og fruktpinnsvin. Lise var veldig begeistra for den kvite frukta vi hadde fått tak i...


Etter eit par timar vart borna henta, og Lise kunne sjå tilbake på eit kjekt selskap med mykje hageleiking!

Og leikinga stoppa ikkje der. Til slutt i dag eit bilde frå kubb-kamp i hagen. Gutta boys vs. mormor på den andre sida. Eg fekk dessverre ikkje med meg resultatet, men i innleiinga var det i alle fall tydeleg at gutane hadde tenkt å vinne noko så grundig over mormor...



torsdag 29. mai 2014

5 år!

Den etterlengta dagen kom endeleg, og Lise vakna med kroppen full av bursdagslopper i dag tidleg. Det meste var klart til å feire den store femårsdagen. I går kveld var ho ute i hagen og plukka blomar til å pynte med, så også den biten var klar...



Og krona, som ho har laga i barnehagen, har vore på heile dagen:


Pakkar høyrer med. 


Sidan Lise (og Signe) hadde fått sklie og reilestativ i bursdagsgåve på forskudd, slo vi denne gongen to fluger i eitt smekk. Ho er i ferd med å vekse ut av dei fleste kleda i kommoden sin, så det var stort behov for litt fornying. Vi søkte litt på Finn, og fann ei som solgte ein heil haug fine klede i rett storleik. Bursdagsbarnet har vore litt manekeng i dag, og prøvd ut litt ulike bursdagantrekk...


Matplanane vart vi einige om for nokre dagar sidan. Ho ville ha pizza til middag, og etterpå muffins og is. Isen laga vi i går kveld, og muffins og pizza vart laga i fellesskap i formiddag. Her har Lise kakka fire egg i ei skål, og er klar til å vispe.


Røre vart fordelt i former...


Og litt seinare stod det eit ferdig fat med muffins og nonstop på bordet og fem lys på toppen. Saman med is er dette god bursdagsmat!


Heile dagen har det vore varmt og fint vér, så vi har vore mykje i hagen i løpet av dagen. 


Crocket, reiling, skli i sklia, vasskrig...


Signe kosar seg på plenen!


Det var dagen i dag i korte trekk. Det såg ut som bursdagsbarnet kosa seg, og det er jo det viktigaste på ein slik dag!

Til slutt nokre bilder frå andre hendingar og "hendingar". Først eitt med Jens og Lise som viser fram dei nye fotballtrøyene sine. Heilt klare for VM!


Måndag var vi på årets første springe- og sykkelkarusell på Moane. Det var mange frammøtte og god stemning. Eit kjekt arrangement!


Signe har teke endå eit steg (sic!) på vegen mot det å gå sjølv. Denne veka har ho trava rundt i stova bak gåvogna. Ho går og går og går. Heilt til ho treff veggen eller ei anna hindring. Då treng ho hjelp for å snu... Så det er ein del arbeid for oss andre, men eit veldig kjekt arbeid!

søndag 25. mai 2014

50-årsfest og KRIK-avslutning

Nokre bilete frå dagen i går - først nokre frå 50-årsfesten på Betel. Og kven som var jubilant? Huset sjølv! Det vart innvigd 24. mai 1964. Då møtte det opp rundt 500 mann, og dei måtte ete i tre omgongar. 50-årsmarkeringa gjekk noko rolegare for seg, sjølv om vi var bortimot hundre frammøtte! Og komiteen hadde gjort ein god jobb med arrangementet.



Barnekoret var med og sang:


Og så var det allsong...:


I tillegg til dette var det blant anna andakt, bildeframvisning frå onsdagsklubben og eit historisk tilbakeblikk på korleis det gjekk til då huset vart bygd. Jarle viste også ein del bilete frå dei siste 33 åra av Betel si historie. Vi gjekk heim, mette på både middag og kaker, og glade for fellesskapet på Betel!

I går kveld samla vi KRIK-ungdomane til sommaravslutning i Kilane. Her er velkomstkomiteen som tok imot meg då eg eg gjekk ut av bilen:


Så tok vi gjengen med opp i skogen, og leikte "raud og blå" (ein leik som i korte trekk går ut på å  finne basen til det andre laget, og ta med seg klesklypene dei har hengande der tilbake til sine eigen base. Utan å verte stoppa av motstandarane...)


Basen vår markerte vi med ei klessnor som vi trekte rundt ein del tre. Som du ser var eg på det raude laget.


... og vi tapte så det sang. Det andre laget fekk rett og slett tak i alle dei åtte klesklypene våre...  Her er vi på veg tilbake. I kveldssola.



Peder delte eit ord for kvelden:


Så grilla vi


og spelte spel, snakka, åt is og brus og kasta øks på blink. 


Alt i alt ei koseleg sommaravslutning! No skal vi ha ein del veker fri, og lade opp til nye aktivitetar til hausten.

søndag 18. mai 2014

Somarleg leik i Habn

I dag har det vore varmt. Veldig varmt! Alt var duka for ein forfriskande tur til Habn.


Ser du Lise på bildet over? Ikkje? Nei, ho hadde det litt travlare enn oss andre...


Ivrig publikum til reke- og krabbefanging.


Og ein ivrig rekefangar!




Etterkvart hamna fleire og fleire uti vatnet...


Lise fann nokre sandformer, og dermed hadde ho arbeid ei stund!


Til slutt var heile gjengen uti vatnet og vassa. Skikkeleg somarstemning!

Til slutt eit bilete frå i ettermiddag. Vi hadde koseleg grillbesøk av familien Nese. Til saman var det åtte born som fauk rundt på altanen, i stova og på plenen. Det var mykje å sjå på for liten nysgjerrigper!


lørdag 17. mai 2014

200 år og blidare enn nokon gong!

Det er kanskje litt vågalt å hevde det, men eg gjer det likevel: Noreg er i 2014 eit langt betre land å bu i enn i 1814. Og så kan eg hive på at dei som møttes på Eidsvoll i 1814 har mykje av æra for at det er nettopp slik. Det er mykje som har skjedd dei siste 200 åra ... men dette er ikkje plassen for 17. mai-talar... Eg vil heller vise korleis vi feira 200-årsjubileumet!

Walking beauty og sleeping beauty på veg til feiringa på Vik:


Jens saman med 1. og 2. klasse i toget:


Korpset:


Også 8.- og 9. klasseelevane frå Erfjord stilte bak si fane. Ein flott gjeng!


Dagen starta noko grå, men ikkje ein dråpe falt over Erfjord på grunnlovsdagen, og etter kvart skein sola opp og auka issalet i kiosken.



Lise fekk seg ein eigen "tutas" som ho kunne bruke i toget, og det gjorde ho til gangs. I upåklageleg stil (no hands!) tuta ho seg taktfast gjennom HEILE toget... Vi gjekk saman med ungdomsskuleelevane, og etter ei stund tykte eg litt synd på dei bakerste av dei... Heldigvis fann ho ei god veninne ho kunne gå og tute saman med ei stund...


Toget på veg over Erfjordbrua.

Tilbake på skulen starta samlinga i gymsalen med ein potpurri framført av skulekoret. Eit breitt spekter av 17.mai-songar, som Norge i rødt, hvitt og blått, Mellom bakkar og berg og Se Norges blomsterdal, vart framført av koret som heilt tydeleg har øvd seg godt!



Det var trangt og varmt inne i salen, så vi gjekk ganske fort ut. Der var høgtalarar, så vi fekk med oss programmet, og samtidig kunne borna få røre litt meir på seg.


Det var vel ikkje til å komme utanom at bunadskoa til Jens fekk seg ein knekk i denne kampen...

Frå Lise sitt synspunkt varte programmet leeenge, og gleda var dertil stor då issalet endeleg starta!


Jens og Lise vart også med på ein del leikar. Dei hoppa blant anna lengde, og sprang 60-meteren. Dei sprang så raskt at faren berre så vidt rakk å skru på kamera og fokusere før dei var over på andre sida...


Og her er faren sjølv i ferd med å vinne seg ein krokanrull...


Også Jens og Lise kasta. Det endte med at Lise og eg delte krokanrullen, noko begge var vel nøgde med!


Tippeløype:


Frå vegen var det god oversikt over skuleplassen. Mange glade folk, og mykje godt humør samla på eit ganske lite areal. Det er kjekt med 17. maifeiring!


Og likevel er det veldig deilig å komme heim att, og kunne slappe av i vårt eige selskap. Signe er kanskje verdas nest mest tolmodige eittåring, og fann seg godt til rette i vogna medan vi var på skulen. Der sat ho og kikka på folk, snakka med oss og leika med det som var innan rekkevidde. Ho kjente nok ekstra på gleda over å komme heim og kunne utfalde seg i meir naturlege omgjevnader...


Til kveldsmat i dag åt vi nybaka rabarbrakake og sjølvlaga kokosiskrem (Det er då trass alt 17. mai!)


Gratulerer med dagen, alle! Og Gud signe vårt dyre fedreland!