torsdag 1. mai 2014

Ein dag på fjellet

Neida, dette er ikkje nokon skulestil. Det er vel igrunn stikk motsett - vi brukte denne første fridagen til å vandre rundt på heia, og tenkte ikkje på skule i det heile.


Det var Kjellaug, Ruth og Sakarias som hadde bedt oss med på hyttetur. Og vi takka ja. Og angrar ikkje.


Med klarblå himmel, vart det festa ganske mange fine utsiktsbilder på minnebrikka. Og så får ein litt meir perspektiv på dagleglivet, når ein kjem seg litt opp i høgda og får sjå ting i litt meir samanheng.


Det var ikkje alt vi var heilt einige om på turen...


...men det ordna seg, det meste. Vi er då gode både meklarar og tilgjevarar!

Sakarias gjekk det siste stykket til hytta, og fann seg ei støttande hand:


Flott fjellandskap!


Så fekk vi auge på hytta. Signe og eg tok ein lang omveg rundt, berre for å bruke tid. Sidan ho sovna på ryggen min berre ti minutt unna målet, syns eg det var for gale å skulle vekkje henne så raskt. 


Framme:



To heilt klare hytteting: Ludo og rubiks kube...


Før middag gjekk vi endå lenger opp i høgda...


Heilt opp til varden, der vi kunne sjå langt i alle himmelretningar. Her er utsikta innover landet, mot Gullingen:


Og i motsett retning, der vår alles Kleppsnuten kunne sjåast. Dit skal vi ein gong i vår!


På veg ned att sovna Signe igjen... Dermed tok eg ein lang omveg, endå ein gong... På vegen såg eg ein fugl med stort vingespenn heilt nede ved innsjøen. Eg vart nysgjerrig, og tok meg heilt ned dit. Då var fuglen sjølvsagt vekke, men like etter såg eg den igjen, lenger oppe i bakkane. Eg prøvde å ta bilde av den, og på eitt av forsøka fekk eg den faktisk med! Eg har ikkje så veldig kraftig zoomlinse, så han er langt borte: 


Eg fulgte flukta ei stund, og såg ganske raskt at det var ei ugle det var snakk om. Ein litt mindre gjest var å finne nærmare hytta:


Og så har vi våre eigne "lause fuglar", som ikkje kvir seg for å lene seg så langt ut av vindauget at dei nesten dett ut...


Om ettermiddagen gjekk vi ned att, og no søv dei som steinar alle tre. Det er snodig med desse fjellturane (eller ikkje), men det er som regel veldig enkelt å sovne etterpå...

På veg ned passerte vi gjennom eit landskap heilt dekka av kvitveis. Vakkert!


Ingen kommentarer: