søndag 4. mai 2014

Tentro-konfirmasjon på Moster

Vi var så heldige å få invitasjon til søskenbarn Bjørnar si Tentro-avslutning på Moster, og benytta sjansen til å bruke ei langhelg på øya. Blomane blømer, plenane er grøne, véret var kaldt og klart og sola skein... Hadde det ikkje vore for at eg begynte å få lite straum på fotoapparatet, og måtte spare til storhendinga som venta søndag, hadde eg nok måtte brukt timevis på sortering av bileta. For det er eit vakkert landskap å vere i!


Nokre blomebilete frå svigermor sin hage:





Og utesesongen vart praktisk tala sparka i gong:


Andre flagra litt meir rundt, og gjorde på litt av kvart. Her gøymer ho seg for storebror bak ein stein. Ho var så godt som umogleg å oppdage...


Også langs vegane var det mange blomar å sjå. Fredag gjekk vi "heile runden" (lokalt kjende vil vite kor langt det er. Vi snakkar ein del kilometer), og såg ganske mange blomeartar. Løvetanna gjer seg sjølvsagt gjeldande i stor grad:


I midtrabatten, mellom løvetenner og engkarse, dukka det rett som det var opp vakre tusenfryd!


Laurdag besøkte vi Lars og dei på Moster. Veslesøster Laura (3 mnd) var vaken og svært så blid når vi var der, og vart blant anna gjenstand for Signe sin nysgjerrighet. Ho sa "hallo", men fekk ikkje så mykje respons... Lise og Lars fann meir tonen, og leikte fint i lag. Her legg dei puslespel:


Så kom den store dagen. På med finkleda!


Signe gjekk med ein bunad som Nina brukte då ho var liten. Såg ut som ho var fornøgd med det! Vi andre pynta oss også, og møtte opp til møtet i Sion. Etterpå stilte Tentro-konfirmantane opp til fotografering:


Ein flott gjeng! Det kan hende dei vart litt stive i maskene etterkvart, for køen av fotografar var ganske stor...


I ettermiddag var det middagsselskap heime hos Bjørnar. Koselege folk og god mat! Og vi klagar heller ikkje på utsikten...


Vi måtte dessverre gå litt før selskapet var ferdig. Det er lang veg heim, og i dag var den ekstra lang - med to propellar i baksetet + ei som gjerne skulle få sove litt... Til slutt kom vi likevel heim, borna søv og bileta er sortert...

Takk for ein fin dag, Bjørnar! Det var kjekt at vi fekk vere med og feire dagen din!

Ingen kommentarer: