søndag 1. juni 2014

Bli kjent med juni 2014!

Juni, den unekteleg beste månaden i heile året, har endeleg gjort sin entré. Viss du lurar på korleis juni 2014 ser ut, kan vi allereie komme med svaret (Og ja, eg veit det er ein altfor overmodig påstand...)

La oss seie det slik: Viss resten av juni vert som i dag, skal det ikkje komme eit klagande ord frå min munn, i alle fall!


Jens og Lise på besøk hos naboane:


Lise vatnar blomar. Etter eige utsegn. Eg trur kameraet har fanga opp ei avsporing...


Crocket på plenen saman med mormor og morfar. Og er ein for liten til å spele, får ein finne seg ein god utkikksplass! Midt i grasløken passar perfekt...


Det er mykje snakk om humlene i år. Kor viktig det er å ta vare på dei, noko som er ei flott kampsak. Viss vi set oss ned i hagen og er heilt stille, kan vi tydeleg høyre at vi bidreg ein del til deira livsopphald.


Signe vert stødigare på beina for kvar dag som går. I dag har ho frest rundt på plenen med Lise si dokkevogn. Ho fekk også eit par turar oppi vogna, med storesøster som sjåfør. Det var stas!


Også bollane må luftast...


Er det mogleg å la vere å gå fjelltur i slikt fabelaktig sommarvér? Absolutt. Men det er også mogleg å gjere det, noko vi bestemte oss for etter at mormor og morfar hadde reist heim (og Lise sine tårer hadde tørka). Mål: Hegreheia. Og Signe sikrar seg grundig mot sola...


Det er ei kjent sak at dei beste fjellturane er dei der du kan sjå heim. Helst både på veg opp/ned og når ein står på toppen. Hegreheia er ein perfekt turplass slik sett...


Ved Erfjordtjørna:


Detaljbilde frå skogbotnen, og ein augestikkar som tilfeldigvis stod stille 1/100 sekund... (For spesielt interesserte, og i all retferds namn: Eg har akkurat sletta ein haug med bilder der den sat veldig ikkje-i-ro...)


Vi kjem oss eit godt stykke opp frå fjorden! Utsikt ned mot Solvang:


Også her, nesten heilt på toppen, ser vi heim...


Varde i sikte!


Bogsund:


Lise skriv sitt eige namn i boka. Det er alltid kjekt når interessa for bokstavar og skrift byrjar å piple fram!


Flott utsikt!


Dokka var med. Heile vegen...


Lise har dei siste dagane plukka mange småbukettar som har pynta opp stova vår. På turen såg ho plutseleg ein ny type blomst (skogsstjerne) og såg straks moglegheitene...


Erfjordtjørna, på veg ned:



Signe var litt utålmodig på slutten, så eg måtte gå litt raskare for at ho skulle vere fornøgd. Vi to og Jens gjekk derfor eit stykke framfor, og stoppa av og til for å vente litt, men måtte straks gå igjen - Signe styrte tempoet... Her frå ein minipause ved skogsvegen opp til lavvoen:


Engsoleier frå om lag same området:



Og viss du endå skulle vere i tvil om sommaren verkeleg har begynt, har eg eit siste argument...:


3 kommentarer:

Lucy Corrander Now in Halifax! sa...

What a landscape! What a place to live!

eileeninmd sa...

You live in a beautiful place. The views are lovely. Wonderful places for the children to place outside. Beautiful series of photos from your world. Have a happy week!

molly sa...

What amazing scenery, you truly live in a stunning part of the world

Mollyxxx