lørdag 21. juni 2014

Ein rosepark (...) vert til

I ettermidag var vi ute og jobba litt i hagen. Medan Nina renska i kvist og kvast, og eg braut opp ei gammal rot som stod i vegen, traska Signe rundt med dokkevogna. Eigen assistent er med, slik at ho får snudd vogna når ho kjem til vegs ende...


Når assistenten blir lei, er det på tide å finne noko nytt å gjere. Så er spørsmålet korleis ein skal få tak i alt det kjekke...


Rota måtte gje etter for spade og sag, og der den stod, vart det planta ei rosebusk:


No kryssar vi fingrane for at ho skal få vekse i fred, og bli ei større og flott busk!






Ikkje så langt frå der rosebuska står, i mønet på garasjen vår, er dette vepsebolet godt vekkgøymt. Veps er flotte insekt med gode arkitektskills. Så til hausten, når vepsen er borte, kan vi ta det ned og studere byggverket!


Vi andre, som har eit ferdig hus å gå inn i, koste oss i dag med mexican train ved sidan av lunsjen. Lise og eg er på lag, og ligg ganske godt an etter dagens rundar!


7 kommentarer:

Anonym sa...

Bier??? Er det ikke veps???

Hadde evakuert ;-)

NinaogOle sa...

Jovisst er det veps. Eg var litt rask i snuen då eg skreiv. Feilen er retta opp!

Blir nok ingen evakuering... Har igrunn ikkje så mykje imot vepsen - han har jo sin funksjon å fylle han også. Men vi viser ikkje bolet til ungane, så dei ikkje skal bli frista til å pirke... Det heng rimeleg utilgjengeleg og usjenerande til.

Anonym sa...

Adorable shots (but not the wasps)...

Mina fotostunder sa...

Mycket vackra rosor och söta små barn!

Pat @ Mille Fiori Favoriti sa...

Beautiful roses and sweet children!

eileeninmd sa...

Cute kiddies! The roses are beautiful. Lovely photos and post. Have a happy week!

Arija sa...

Interesting to see you wasp nest. Ours live in the ground. Love your little explorer and rose.