mandag 9. juni 2014

Fjelltur, fotball og leir

Juni har så langt vore ein ganske innhaldsmetta månad. Forrige veke gjekk vi frå den eine aktiviteten til den andre, og sjølv om det er travelt, så er det no kjekt også! For eksempel var vi på ein svært koseleg fjelltur saman med resten av første- og andre klasse onsdagskvelden. Foreldre og born gjekk saman opp på fjellet frå Haugsland:


Og møtte der eit storslått fjellandskap!


Vi skulle gå rundt dette vatnet, og stoppa opp ved hytta til Tyri og dei.


Det er ikkje så verst natur der oppe!


Nokre av elevane valte å bade i vatnet. Dei fleste frivillig... Medan andre nøydde seg med å utfordre skjebnen, og dermed måtte gå heim med klissvåte sokkar og sko. Endå godt det ikkje var så kaldt, då! Og varm mat frå grillen hjalp jo litt, det også.


Nede att på Haugsland:


Torsdag var det fotballkamp mellom Erfjord 1 og Sand 3. Ein siste peptalk før kampen:


Signe var ivrig tilskodar, og hadde for anledningen samla håret i to mini-palmar... Så no er vi komne så langt. Så vidt.


Kampen var noko ujamn, i Erfjord sin favør.


Og publikum fekk valuta for pengane (?) Det endte 10-0 til Erfjord. Kjekt for oss, men litt kjipare for spelarane frå Sand. Så medan eg sjølvsagt gledde meg over heimemåla, stod eg nok og håpa på at Sand skulle klare å score eit par-tre mål dei også...


Fredag kom endeleg dagen som Lise og eg har gleda oss til ei god stund no. Vi pakka i pilen og køyrde på leir, saman med Dagfinn, Elias og Andreas! Det er tydeleg å merke at Lise var noko meir husvarm denne gongen. Med det same vi hadde parkert, sprang ho ut av bilen og bort til der syklane stod. Og sykla rundt medan vi andre innkvarterte oss... Då eg kom ut litt seinare, hadde ho midlertid gått frå syklane, og var å finne oppe ved ei elektrisk mini-gravemaskin. Den var svært populær blant fleire av deltakarane:


Litt lenger borte stod det ei noko større maskin. Fotballbana er nemleg under ombygging, og skal bli ei kunstgrasbane. Det vert nok svært populært hos eldstemann! Berre synd at bana ikkje står klar neste helg, når han skal på leir...


På leir er det sjølvsagt fleire samlingar, og sidan det er pinsehelga, var det naturleg at tema var den Heilage Ande. Leiarane formidla til borna på ein god måte, og eg trur Lise fekk med seg noko frå samlingane. 


Heile helga var det strålande fint vér. Dermed vart det lagt opp til mykje uteleik, og Lise var mykje ute og sykla. I alle fall etter at gravemaskina slutta å virke - på mystisk vis... Det vart også anledning til å vere ute i kano og å bade på stranda. 


No er vi heime att, og har begynt å glede oss til julegåveweekend...

Ingen kommentarer: