tirsdag 22. juli 2014

Preikestolen, check

Det er utfordrande å finne gode plassar å gjere av seg i sommarvarmen. I går ville vi ut og plukke dei siste solbæra, men kva skulle ein aktiv eittåring finne på då? Løysinga vart:


og alle var fornøgde! Endå meir fornøgd vart ho då ho fann ut at ho nådde greinene på solbærtreet frå stampen, og kunne plukke og ete så mykje ho ville!

Dagen i dag starta ganske tidleg. Vi ynskte å gå opp på Preikestolen, men ville unngå den verste varmen og køgåinga utpå dagen. Så klokka 7 i dag tidleg sette vi oss i bilen og kunne starta på oppstiginga litt før halv ti. Det var komne ein god del folk allereie, men ikkje fleire enn at det var greit å gå oppover.


Løypa opp er fint tillaga, og ein god del stader var det fin utsikt utover Ryfylke og Stavanger.


Flott landskap oppe på fjellet!



Oppe på toppen var det ein god del folk, men heldigvis også godt med plass.



Signe sat på ryggen og kosa seg både opp og ned. Ho er glad i fjellturar!



På kanten av stupet... Fin utsikt innover Lysefjorden!


Mat og drikkepausar er viktige!



Føler nokon prøver å stele showet her...:


Det var mange ulike språk å høyre på turen, og særleg tysk. Fekk av og til den kjensla ein får når ein går i byar i andre land, at her kan ein seie kva ein vil, for ingen rundt vil forstå det likevel... 

Finn Willy... Kor er Nina og Signe?


På veg ned var det langt fleire folk på stien. Dei gjekk i kø oppover, og vi var glade vi skulle andre vegen...


Nesten nede att ved parkeringa. Eit godt organisert nestenkaos!


Etter ein varm og fin fjelltur, var det kjekt å kunne traske litt i gatene på Jørpeland, ete middag og handle litt. Og Signe tykte det var deilig å endeleg kunne få gå litt ho også!


Til slutt ei lita gladmelding. I det vi rett og slett hadde gitt han opp, dukka sjølvaste katten opp att! Ein heil del tynnare, og utruleg selskapssjuk, kom han mjauande inn på tunet vårt søndag kveld. Endeleg framstår hagen normal att, med ein svart pelsdott under buskene...


søndag 20. juli 2014

Mykje rips og mykje varme

I går plukka vi dei aller siste to desilitaren med rips frå bærtrea. Den siste veka, og også i tida før Lyngdalferien, har det vore mykje aktivitet rundt bærtrea. Broren har akkurat lyfta Signe opp så ho kunne sjå ut på dei som plukka, og no prøver ho å sjå ut sjølv...


Mesteparten av bæra har hamna dirkte på dessertbordet. Det har blitt nokre liter rips med kesam den siste veka!


Elles har det skjedd store ting på rørsle-fronten. Onsdag tok Signe sine aller første, vaklande steg aleine, og etter det har ho knapt gjort anna...


Sommargleder:


For tida er Jens og Lise på besøk hos besteforeldra på Bømlo, og Signe er aleinebarn for nokre dagar. Det ser ut som ho taklar det fint, og søskna kosar seg med sjøliv og gode dagar på ferieøya.

Av mindre hyggelege ting frå den siste tida, ser det ut som at katten vår er borte for godt. Han har vore borte i over to veker no, og er ikkje å sjå nokon stad. Han har aldri vore borte på denne måten før. Vi prøver å venne oss til tanken på at han kanskje aldri kjem att. Han har vore med oss dei siste ti åra, så det er ganske vemodig at han no er vekke.


søndag 13. juli 2014

To telt tett i tett

Årets store ferie er no historie. Vi har hatt ei fantastisk veke i Lyngdal saman med familien Vassbø, også dei i telt, og tek med oss mange gode minner og inntrykk heim att. Slik såg Erfjordcampen ut... Vårt eige vesle hjørne av bibelcampen!



Herleg å kunne innta gatene i Lyngdal igjen. Ser litt voldsomt ut her, men eg trur dei tålte oss...


Værmessig har veka vore veldig fin, bortsett frå ein del regnskyll tidleg i veka. Då fekk vi testa telta i år også. Dei var ikkje heilt tette, men ikkje verre enn at vi klarte å avverge dei store katastrofene. Resten av veka har vore i strålande sol, og badevær mange av dagane!



Det er godt å ha med badering ut i bølgjene.

Kveldane har i år endeleg kome tilbake til "normalen". Etter eit par år, der vi har budd i telt, medan Vassbøs heldt fram å leige rom i C-internatet, og det har vore vanskeleg med så mykje samspel etter at borna har lagt seg, kunne vi dette året ta fram spela igjen! Ein del av kveldane vart difor brukt på  "Den forbudte øya", yatzy og fase 10. Her er det litt bibelreklame midt i eit slag yatzy...


Det var ein del fine kveldshimlar over campen denne veka:


På føremiddagane var det også i år kidzcamp for borna, medan vi vaksne var på bibeltime. Toget går ti over ti, og vi rakk det alle dagane!


Tema på kidzcamp i år var "bøller og heltar i Bibelen". Det var litt varme samlingar, sidan den gamle gymsalen ikkje lenger eksisterar, og "Jungelen" vart flytta til drivhuset/ "Johannes Åpenbar". Men Lise fekk med seg det meste av det som vart formidla, og det er uansett artig å synge saman!


Også Signe var med i "Jungelen" i år. Sjølve samlinga var kanskje ikkje så interessant, men interessenivået steig betrakteleg når det var tid for leiking etterpå! 


Også på kveldsmøtene er det songar for borna. Jens var med på alle kveldsmøtene (Han ville så gjerne høyre Pareli spele!), og var med fram på scena under barnesongane.


Besøk av Linkus på campen. Stor stas!



Bleieskiftlitteratur?


Det store for Signe denne veka har vore å gå! Gå, gå, gå! Ho har ikkje sleppt seg endå, men starta veka med å måtte halde i to hender...


... og avslutta med å så vidt halde i ein finger. Så det er ikkje så lenge att før ho går på eiga hand!


Sykkeltur til sentrum:


Pause undervegs, med leik utanfor barneskulen:


Torsdag var det også i år lagt opp til familiesporløp. Mange spennande og varierte oppgåver, og vi gav alt i forsøket på å vinne også i år. Vi rakk ikkje heilt opp, men det var i alle fall ingenting å seie på innsatsen til Gunnstein når det gjaldt trillebårløp... 19 sekund rundt sandvolleyballbana...


Nemnte eg fine kveldshimlar?


Det absolutt siste vi fekk med oss på campen, var konsert med familien Sulebakk. Det var meldt regn i dag, så vi pakka saman ein dag tidlegare, og køyrde heim i går kveld. Det har vore mykje god musikk på campen dette året. Pareli har vore husband, i tillegg til ein fantastisk konsert fredagskvelden. Familien Sulebakk var også eit positivt innslag, og fredag deltok også Charlotte Gaupås med flott sang under møtene. Mykje god innputt gjennom musikken!


Sein kveld på ferjekaia på Lauvvik. Lise ventar på 20.45 ferja. Klokka var nærare 23 før vi var heime... Heldigvis sov både Lise og Signe mykje i bilen. Dagen i dag har vore litt prega av sein legging, med litt kortare lunter enn vanleg. Satsar på at det kjem seg til i morgon...


Kveldshimmel på ferjekaia på Hjelmeland. Siste bilde frå Lyngdalferien i år. Teltet er pakka ned, og ligg klart til neste sommar...


tirsdag 1. juli 2014

Weekend under ei Sigg

Vi prøver å fordrive tida medan vi ventar på at den store lærarstreiken skal begynne. Ein ting ein kan gjere då, er for eksempel å ta ein weekendtur til Bømlo!


Leiking i hagen hos mormor og morfar er kjekt, særleg når sola skin og humøret er ... stort?


Bømlo har ei veldig fin Sigg, nemleg sjølvaste Siggjo! Søndag vart det tur på fjellet - ein såkalla søndagstur...



Det nyttar ikkje å klage på utsikten. Den er ikkje noko å gjere med, og godt er det!



Nina (og ei sovande Signe, med solhatten heilt på halv åtte...) ser nedover mot låglandet. Kanskje er det denne biten av Bømlo dei ser på...:


Når vi omsider klarar å rive blikket laus frå Håvik (ok, litt overdriving her), kunne vi gå siste stykket opp mot toppen.


Utsikt nordover mot vindmølleparken på Fitjar:


Utsikt sørover mot Moster og vidare mot Sveio:


Ein kan også vende blikket austover, mot Stord:


Endå eit utsiktsbilde søraustover. Håvik, Moster og trekantsambandet. Det var litt disig, men vi såg no eit stykke likevel.


... og endå eit, mot flyplassen på Stord. Ser du forresten Leif, Lise og Jens på bildet?


Eg blir litt svimmel når eg ser på dette bildet. Det seier litt om farta...


Søndag ettermiddag tok mormor og morfar oss med på asiatisk restaurant på Bremnes. Vi var rimeleg mette då vi gjekk derifrå...


Skoa til Signe og morfaren:


Mormor fekk god hjelp med vatninga! Også mormor vart vatna aldri så lite...


Bilde mot Stord teke frå låglandet. Den nye "Goliatkranen" på verftet viser godt att i landskapet:


Eg er glad vi møtte denne karen i fullt dagslys... Sjekk det blikket!


På trilletur med Signe om måndagen. Nina på veg ned Håvikebrekka. Håviking observert i sitt naturlege miljø...


Så hadde vi ein aldri så liten visittrunde om ettermiddagen. Først til Ronny og Anette og dei på Moster...


... og så til Anja Helen og dei på Steinsland:


Der hadde vi ei aldri så lita utflukt i fjøra. Ok natur utover Håvika:







Signe var ikkje den mest vågale. Fleire av dei andre borna enda opp i vatnet, meir eller mindre påkledde. Også Lise prøvde seg med tærne i vatnet, men det var for kaldt...


Jens og sitjeunderlaget på veg tilbake til bilen. Vi måtte nå heim til kampen mellom Frankrike og Nigeria...