tirsdag 22. juli 2014

Preikestolen, check

Det er utfordrande å finne gode plassar å gjere av seg i sommarvarmen. I går ville vi ut og plukke dei siste solbæra, men kva skulle ein aktiv eittåring finne på då? Løysinga vart:


og alle var fornøgde! Endå meir fornøgd vart ho då ho fann ut at ho nådde greinene på solbærtreet frå stampen, og kunne plukke og ete så mykje ho ville!

Dagen i dag starta ganske tidleg. Vi ynskte å gå opp på Preikestolen, men ville unngå den verste varmen og køgåinga utpå dagen. Så klokka 7 i dag tidleg sette vi oss i bilen og kunne starta på oppstiginga litt før halv ti. Det var komne ein god del folk allereie, men ikkje fleire enn at det var greit å gå oppover.


Løypa opp er fint tillaga, og ein god del stader var det fin utsikt utover Ryfylke og Stavanger.


Flott landskap oppe på fjellet!



Oppe på toppen var det ein god del folk, men heldigvis også godt med plass.



Signe sat på ryggen og kosa seg både opp og ned. Ho er glad i fjellturar!



På kanten av stupet... Fin utsikt innover Lysefjorden!


Mat og drikkepausar er viktige!



Føler nokon prøver å stele showet her...:


Det var mange ulike språk å høyre på turen, og særleg tysk. Fekk av og til den kjensla ein får når ein går i byar i andre land, at her kan ein seie kva ein vil, for ingen rundt vil forstå det likevel... 

Finn Willy... Kor er Nina og Signe?


På veg ned var det langt fleire folk på stien. Dei gjekk i kø oppover, og vi var glade vi skulle andre vegen...


Nesten nede att ved parkeringa. Eit godt organisert nestenkaos!


Etter ein varm og fin fjelltur, var det kjekt å kunne traske litt i gatene på Jørpeland, ete middag og handle litt. Og Signe tykte det var deilig å endeleg kunne få gå litt ho også!


Til slutt ei lita gladmelding. I det vi rett og slett hadde gitt han opp, dukka sjølvaste katten opp att! Ein heil del tynnare, og utruleg selskapssjuk, kom han mjauande inn på tunet vårt søndag kveld. Endeleg framstår hagen normal att, med ein svart pelsdott under buskene...


Ingen kommentarer: