torsdag 9. oktober 2014

Ferie før regnet...

Vi hadde vår vesle haustferieutflukt tidleg denne veka, før regnet kom inn frå havet. Ein liten tur vestover, til Bømlo. På vegen stoppa vi på Sandeid, hos fotograf Nordtveit, og fekk ramme på Signe sitt eittårsbilde. Medan vi venta på at jobben skulle bli gjort, traska vi litt på nokre sidevegar. Eg trur knapt vi har stoppa på Sandeid før (anna enn på bensinstasjonen eller for raske handleturar på coop), så det var kjekt å sjå seg om ein ny stad!


Vel framme venta mormor, og seinare kom morfar heim frå jobb. Kjekt for alle partar!


Trilletur med Signe. Vi gjekk "den store runden" (det er snakk om ein del kilometer), og fekk sjå mykje fin haustnatur!


Det var ein del vind, og litt kaldt, men himmelen farga sjøen blå og sola varma ein del.



Langs vegen stod det enno bjørnebær her og der. Signe fekk det meste, og skulle gjerne hatt endå meir... Ho sat ganske lenge bøygd ut av vogna, og kikka etter bjørnebærbusker langs vegen!


Vi (altså eg) lar oss stadig imponere av vindmølleparken på Fitjar...


Stordbrua og laks i bås...:


Håvik:



For Lise sin del var det særleg ein ting (eller tre) som fekk merksemda: Dei to hestane og einhjørningen. Dei var med over alt! Tysdag var vi på kino og såg "Bamse og tyvenes by". Då fekk ho ta med ein av hestane. Det var eit vanskeleg val...


I hagen:



Det blømer fortsatt! Også gule og brune blad set sitt preg på hagen. Endå vil det nok komme mange, men det hindrar ikkje Lise frå å ville samle dei:



På veg heim att i går. Ølmedal:


Sandsfjorden:


Ingen kommentarer: