mandag 1. desember 2014

Adventslyset er tent!

ENDELEG er det førjulstid igjen! Eg veit ikkje korleis det er med folk elles, men personleg meiner eg dette er ei av dei beste tidene i året.


Då Signe stod opp i dag tidleg og kom inn i stova, var stjerna i glaset noko av det første ho la merke til. De skulle sett iveren ho la for dagen då ho skulle vise den til meg!

Ho er også interessert i å sjå på fuglane når dei et frø, men må ha hjelp for å klare å vere roleg nok til at fuglane vågar å komme...


(Legg forresten merke til har-akkurat-stått-opp-frisyren!)


Sidan vi har to glade lystennarar i huset, har vi to ulike adventsstakar med fire lys. Dermed vert dei fleste fornøgde... 


Det er av og til ein kunst å få tida til å gå, særleg på rolege søndagar utan store planar for verken det eine eller det andre. Då er det greit å kunne setje i gang eigne kunstprosjekt!


...medan andre akkurat har lært seg å flette, og øver der det er mogleg:


Adventskalenderen vår i år er ein litt spesiell aktivitetskalender. Vi snappa opp ideen frå ein blogg, og har laga vår eigen versjon. Gjennom adventstida kjem musa Musfrid til å dukke opp rundtom i huset med forslag til ein aktivitet eller liknande som kan passe den dagen. Det som er så bra med å gjere det slik, er at vi kan planlegge alle kalenderdagane kvelden i forvegen. Då veit vi om lag kor mykje tid vi har neste dag, og kva vi kan klare å fullføre.


I morgon tidleg kjem ho til å komme med lesestoff til adventstida! Her er bøkene vi ynskjer å lese for Jens og Lise ved leggjetid, i tillegg til ei adventskalenderhistorie frå Superblink.


Til slutt ein liten sneak-peak fram mot komande laurdag. Dette er eit prosjekt Nina og Lise har hatt for seg denne hausten, og resultatet kan sjåast (og kjøpast) på julemessa på Betel!