tirsdag 2. desember 2014

Lenkegjeng

Musfrid har vore på ferde att...


Eller som Lise sa det i dag tidleg, med den mjuke, litt overberande stemma, då dei fann Musfrid sitjande på ovnen med ei papirlenke hengande frå øyret: "Men Musfrid, då!"


Dagens aktivitet var dermed presentert, og i ettermiddag sat Jens og Lise og laga papirlenker (og korger) for harde livet. No er romma deira hakket meir julepynta enn i dag tidleg!


Så får vi sjå kva Musfrid ("eller mamma, då...", sitat Jens) finn på i natt!

Til slutt nokre blomar frå desemberhagen vår, tekne av Nina i går føremiddag:




Ingen kommentarer: