lørdag 31. januar 2015

Siste januar

Januar er historie, og i år er det heldigvis snø på fjellet! I fjor gjekk Jens og Lise og vente og venta (forgjeves) på gode snøforhold, og skikarusellen vart så godt som avlyst - eit lite trøysterenn på slutten av sesongen. I år er forholda annleis, og måndag var vi oppe ved Mosvatnet og deltok på første samlinga. Gode løyper og mykje skiglede!


I alle fall så sant ein ikkje kjem oppå andre sine ski...


Jens gjekk rundt den kortaste sløyfa "minst fire gonger", i tillegg til at han gjekk att og fram til Lise og meg nokre gonger - så han fekk teke seg ut! Lise gjekk halvannan runde, og var nøgd med det.


Det begynte å snø ikkje lenge etter at vi kom opp. Endå meir vinterstemning!


Her i heimen har det dei siste dagane luska nokre rovdyr rundt i romma... Her eit sjeldan foto av den frykta tigeren. Den litt mindre løva (med raude kinn) er nok like i nærleiken ein stad, ho også.


Vedsankesesongen er i gong, og i dag vart det to korte turar til Sandvik. Tre unge bjørker måtte bøte med livet...


Grunnen til den noko begrensa vedhogsten, var avansert logistikk i forhold til bursdagsfeiring på Østerhus. Jens skulle køyrast opp og ned att noko seinare. Mellom desse køyringane hadde Lise og eg ein kamp mot klokka for å få det siste treet ferdigkappa inn i bilen. Jens var med og tok ein tørn før selskapet - oppvarming til akinga, så og seie! Her er heile selskapet samla på ekra, klare for den siste runden med kjelkekøyring:


Og vinterlandskapet på Østerhus er det ingenting å seie på!



Med snøscooter vert det nesten like kjekt å renne opp bakkane, som ned att!


søndag 18. januar 2015

ENDELEG kom sola!

Omsider, etter fleire veker, månadar og år med regn, vind og sørpe, vakna vi i dag opp til strålande sol og temperatur ned mot null. Det var på tide å komme seg ut av sofaen.


Jens la boka på hylla, fekk på seg utedress og kjelke, og tok turen opp til Jørgen på Østerhus. Der venta ein super akebakke - og transport med scooter opp att etter endt renn! Snakk om luksus!



Natlandsvatnet:


Kjekt å få køyre på ekte vintervegar att!


Nede ved fjorden er det lite snø, men det er kaldt og sol, og tåka kjem veltande ut Lovradalen:


Erøy:


Bogsund:


Vi fire andre tok på oss fjellskoa støvlane og la i veg på årets første nutfant-tur. Mål: Klokkåsen. Her har vi fylgje av Andreas:


Vel oppe kan vi konstatere at sola skin vakkert mellom trea, og at støvlar ikkje var det rette skovalet i dag. Det var riktignok litt vått og sleipt heilt nederst, men glatte sålar på eit tynt lag med hard is og snø var ikkje noko sjakktrekk...


Det er mykje fin utsikt å nyte på toppen av åsen!


For eksempel solnedgong over Bogsund:


Eller spegelblankt vatn i Erfjorden:


Nokre av oss fekk berre med seg utsikta på innsida av augelokka - men det såg ut som ho kosa seg likevel...




Og så eit blikk heim. Sjølve kjenneteiknet på ein vellukka fjelltur!


Sola gjekk ned, og vi sette kursen nedover att i håp om å komme ned før mørket fall over Erfjord. På bildet ser det ut som det alt er mørkt, men det er berre lureri...


Nede på traktorstien att, og veldig vaken, ville Signe ned og gå litt ho også.


Dermed gjekk vi saman heim gjennom ei rå og noko kjølig ettermiddagsluft. No kan vi konstatere ein god start på nutfantturane i 2015!


torsdag 1. januar 2015

Inn i eit nytt år

 2015 er ein realitet, og etter antallet rakettar og smell i går kveld, vil eg tru det er mange i Erfjord som startar året med litt slankare lommebøker... Men det er fint å sjå på, og så lenge Signe sov seg gjennom det heile, er alt berre velstand. Jens ville opp og sjå på rakettane. Han var ikkje heilt enkel å vekke, men han kom seg no opp til slutt, og kunne blant anna sjå dette:












Her i huset gjekk overgongen til det nye året stilt for seg. Litt snop på bordet, speling og hyggeleg selskap. Så gjekk vi inn i eit nytt år, og ein kan jo lure på kva som gøymer seg under dette nye kortet!