søndag 21. juni 2015

Turskoa på att

Søndag. Ferie. Sol og perfekt turvêr! Det har vore mange regnfulle helger, eller helger med andre planar denne våren. Men no skulle endeleg Bergsnuten til pers!


Lovradalen:


Idyllisk med kyr i bakkane!



Engsoleier og valmuer, blant anna, kanta traktorvegen det første stykket.


Den første biten er veldig bratt, men så preparert at det er godt å gå for både små og store:


Signe held fortsatt koken når vegen går over til sti.


Faktisk heldt ho koken veldig lenge! Ein liten pause på ryggen i nokre bakkar, og det siste stykket mot toppen var også greit å kunne kvile i mei-taien. Men utanom det, gjekk ho på eigne bein i mange av bakkane! Vi anar at det kanskje berre er eit år eller så til vi ikkje har bruk for bæretøy lenger. Akkurat det kjem nok til å bli litt vemodig.


Mamma og Lise ser mot toppen. Langt der framme og oppe, vinkar Jens tilbake!


Fin natur å gå i!


Utsikt frå toppen mot Lovraeide. Den nye tunellen går inn fjellet der vegen kryssar fjorden, og kjem ut att like til høgre for småbruket til venstre på bildet:


Mesteparten av den nye vegen er skjult bak skogar og bakkar, men om lag midt på dette bildet kan vi sjå ein krane på vestsida av den nye sandsfjordbrua. No er det vel eit halvt år til den skal opne - då vert det andre tider når vi skal planlegge køyreturar vestover!


Signe ser utover fjella vestover og sørover:


Etter å ha skrive namna i boka, og fått oss litt mat i kroppen, legg vi i veg nedover att.


Vi har med dyresporbok, og ser på spor vi oppdagar i den våte sanden nær toppen. Etter storleik og form er nok dette hjort:


Fiskesprett... eller noko heilt anna?


Sjå på alle dei nye kuegga i Lovradalen! Det er eit vakkert syn - særleg med tanke på det vanskelege vêret som har vore i det siste. Det er godt at bøndene endeleg kan slå graset!


Så kom vi oss til slutt ned att, og kunne setje oss slitne og fornøgde i bilen. Heime henta vi fram grillmat og sette oss ut på altanen. Ein perfekt sommardag!

Signe har fått det for seg dei siste dagane, at det er kjekt å gå rundt med badehette. Den er altfor stor for henne, og ho kallar den hatt, men vert naturlegvis ganske klam på håret etter ei stund. Likevel, på skal den, og dagens middag vart ete med badehetta på...


Fotballklister

Av ein eller annan snodig grunn er det vanskeleg (kanskje umogleg) å få tak i VM-klistermerkeboka i vanlege butikkar. Eg har spurt i dei same butikkane der vi kjøpte klistermerker til VM-boka i fjor, men i år ... nada!

Men klistermerkebok må man ha. Det er med å skape ekte VM-stemning! Så då bestilte Nina like godt bok frå det store utlandet, og i dag kom den i posten. Jens inviterte Martin, og saman klistra dei i veg!


Det gjeld å vere konsentrert!


Det er igrunn snodig at enkelte dameidrettar (som for eksempel fotball eller skihopp) vert så grundig oversett/diskriminert, medan ingen ville finne på å feie for eksempel Marit Bjørgen under teppet. Det hadde vore logisk at Kickerz-klubben kom med ein eigen VM-pakke i ein så stor anledning. Men neida, det er som damefotball ikkje eksisterar! 

Heldigvis har ikkje alle eit like snevert syn, og Panini har i alle fall tenkt å tene pengar også på damefotball... I kveld sat Jens og skreiv inn resultata. Han hugsa forbløffande mange av dei (syns faren...), men måtte sjølvsagt slå opp mange på internett. Men no er han a jour!


Ved same hagebord, nokre timar seinare:


Jentene et kveldsmat ute, etter ein lang og aktiv dag i hagen og på besøk hos veninne. Denne dagen har kjentes som ein "normal" 20. juni. Fantastisk!

fredag 19. juni 2015

Dobbel sommarfeiring

Siste skuledag før ferien. Arbeidsbordet på jobb er rydda. Ute har sola og varmen beæra oss med eit besøk - la oss håpe det er av den langvarige sorten!


Sommarferie er verdt å feire, og når ein i tillegg kan gjere det i solveggen ute på altanen, er det dobbel grunn til glede! Jens og Lise var på kokkekurs på skulen i dag. Begge syns det var kjekt, og dei lærte å lage mykje god mat! Lise har allereie fått prøvd ut litt av det ho lærte, då ho hjalp meg med fruktsalaten i kveld.


No er det berre å omstille hjernen til ny frekvens, og leggje vekkarklokka på hylla nokre veker!


torsdag 18. juni 2015

Så unge dei vaksne er blitt


For halvparten så lenge sidan, i 1997, såg eg på 36-åringar som veldig vaksne og ... ja, vaksne. Så går åra, og eg oppdagar at 36-åringane berre vert yngre og yngre. Ikkje at dei ikkje er vaksne, men dei er ikkje berre det. Dei er litt unge også. I alle fall inni.

Når eg no har vakna opp og oppdaga at eg har blitt 36 sjølv, tenkjer eg på kor lite peiling folk hadde i 1997. Og at 2015 er mykje betre. For eksempel hadde vi ikkje så flotte bursdagskort som på biletet over i 1997. Vi åt heller ikkje lunsj saman med kule toåringar i leikehytta deira. Det gjer vi i dag, noko som skulle bevise at 2 x 18 er mykje betre enn berre 18.


Vi hadde også eigen vaktkatt. I alle fall ei lita stund. Han likar best å vere der det er folk, men så likar han også best å sove på andre ting enn steinar. Ei interessekonflikt der, altså. Og vi kjenner då kattar - det vart soving under spireaen, så fekk vi klare oss sjølve i hytta.


Det er supert med farspermisjon på sjølve bursdagen! Signe og eg styrte huset heile dagen. Det vart mykje angry birds, for å seie det slik (Ikkje data, men det analoge spelet. Og vi spelte ikkje så mykje. Vi berre skaut.)

Så kom resten av flokken heim, og festen kunne ta av. (Ta av: Ete pizza, is og fruktsalat, og sjå litt på revy med Han Innante - fordi Han Innante er veldig i vinden her i huset for tida.)

Det var Lise som valte gåve til meg i år, og eg fekk massevis av kjekke briller, bartar, hattar og slips - alt saman sirlig limt på pinnar. "Fordi det blir så kjekt å ta bilde av!" Lise veit kven ho har med å gjere!

Her er han, med barten på snei:


Jens har lagt ned mykje arbeid i dette kortet. Flott båt med garasje og allting:



I barnehagen plukka Lise desse blomane. No står dei her og pyntar opp på stovebordet!


Til sist ein aldri så liten selfie. Sit her med nye øyreklokker og høyrer på The Ongoing Concept (Og DET var det ingen som hadde trudd i 1997 - aller minst eg sjølv!)


onsdag 17. juni 2015

Arbeidsbord for to

For ein liten månad sidan, flytta Signe inn i underkøya på hennar og Lise sitt rom. Dermed vart det plutseleg ei sprinkelseng til overs. Først vart den demontert og sett vekk, men så fekk vi tips om den lett kan byggast om til skrivebord! Sidan dette er noko jentene treng, og som vi likevel hadde tenkt å kjøpe i sommar, var vegen kort frå tanke til handling:


Det einaste som er nytt er sjølve skriveplata, ei tynn finérplate. Botnen er heva opp, og plata er limt fast i botnen. Med den eine sida vekke, er dette eit heilt passe og praktiskt arbeidsbord for to!

Slik såg det ut tidlegare i dag, då det regna ute og å teikne var eit godt alternativ:



Skuleavslutning

I ettermiddag var det koseleg sommaravslutning for Erfjord skule. Elevar, søsken, foreldre og andre var samla, og fekk med seg grilling, sporløp, teater, dans, avskil med 7. klasse og fleire musikkinnslag. Her er det 1. - 4. klasse som framfører songar dei hadde øvd inn til skulegudstenesta tidlegare i vår.


Vi hadde ei som gledde seg ekstra til akkurat denne samlinga. Ho skulle nemleg fram! Den nye første klasse ved skulen til hausten:


Til sist på samlinga var alle elevane framme, og framførte ein potpurri. Flott song, flotte elevar og ein flott kveld saman på Vik!