mandag 6. juli 2015

Bibelcamp 2015 del 1

Førre veke var årets store feriehappening! Borna (og vi vaksne også) har store forventingar til den årlege turen til Lyngdal bibelcamp, og vi vart ikkje skuffa i år heller.

Veret var litt slik då vi starta heimefrå måndag morgon, men det var slett ikkje symptomatisk for resten av veka:


Her er vi ute og strekker på beina på Oanes. Det tek nokre timar å køyre, og aktive bein treng å kunne falde seg ut litt!


Ut på dagen kjem vi fram, og får tildelt teltplass. Hjørnet vi hadde i fjor var ledig også i år, så vi kunne plassere telta ut frå gode erfaringar! Medan vi vaksne sette opp telta, utforska borna området. Og nokre prøvde seg også på å utfordre dei fysiske reglane...  (det gjekk godt)


Til slutt er vi installerte og klare for ei veke på campen:


I fjor på denne tid trengte Signe mykje hjelp for å komme seg rundt. Det gjorde ho slett ikkje i år, og det var ikkje alltid ho sa så tydeleg frå når ho gjekk heller. Så det gjaldt å følge med...


Natthimmel over campen:


Tysdag morgon oppdagar Signe ei flott sandhaug ikkje langt frå teltet. Dermed var morgonen (og mange andre tider på campen) redda!


Opplegget for borna starta tysdag formiddag. Jens fulgt opplegget på Safari-gruppa (og etter det han sa då vi reiste heim, var Safari det kjekkaste med heile campen!) Lise og Signe er fortsatt på Jungel-gruppa, som i år hadde fått nytt lokale. Lise har funne plass på første rad, når Karianne Hatlevik formidlar dagens bibelforteljing. Etterpå var det tid for leik, både med lego, teikning og såpebobleblåsing ute!


Signe på shopping på Lindex, seinar på dagen...


Sommarsola kom for fullt tysdagen, og var med oss stort sett heile veka. Vi hadde vel omtrent 15 minutt regn heile veka. Sjølvsagt var ikkje alle kveldar like varme, men veret kunne nesten ikkje vore betre for teltcamping. Og fleire av dagane var det godt badever. Det var det også tysdag. Signe har funne seg nok ei sandkasse...


Ingen kommentarer: