onsdag 8. juli 2015

Bibelcamp 2015 del 4

Fredag morgon fekk vi vekas einaste regnskyll. Det varte i heile femten minutt... Temperaturen var likevel noko lågare denne morgonen, og dei høge sommartemperaturane frå dagane før kom ikkje att. Det brydde verken vi eller denne flotte gjesten på teltet seg om:


Etter formidlinga på Jungelen, var det både inne og uteaktivitetar. Den mest populære aktiviteten var utan tvil såpebobleblåsing. Det var mykje springing etter bobler for Signe sin del, medan Lise og Sakarias stod for mykje av blåsinga...!



Fredag kveld var eg på releasekonsert i hallen. Nancy Karine Sangolt og band framførte mange fine sangar frå den nye cd'en hennar.


Laurdag var det rett og slett grått og litt kaldt, så då beslutta vi at vi ville av og bowle. Men først leigde vi tråbilane og ungane trødde rundt på campområdet, med meir eller mindre kontroll... 


Så vart det litt konkurranse på Lucky Strike (!) bowlinghall.



Med startrampe, kunne også Signe og Sakarias hive seg med i kampen! Eit velplassert dytt, og kula var i gong!


Kveldshimmel:


Nattehimmel:


Tidleg morgon-himmel:


Søndag og siste dag på bibelcampen i denne omgong. Signe har pynta seg før søndagsmøtet:


KidzCamp-koret:



Så måtte vi pakke saman alle tinga våre, pakke alt i bilen og køyre heimover. Ikkje fullt så grått innover Lysefjorden denne dagen som måndagen!


Så er det berre over frå Hjelmeland til Nesvik, og tjue minutt heimover på lokale vegar. Og ein siste is på ferjekaia, som eit punktum for ei flott veke!


Ingen kommentarer: