søndag 26. juli 2015

Danmarkferie del 1: Legoland

Førre fredag pakka vi i bilen og køyrde sørover mot Kristiansand. Borna hadde inga aning om kor vi skulle, og forslaga varierte veldig - frå besøk til onkel Arild til å fly til Afrika... Først då vi svinga ned på fergekaia, og såg den store båten, fortalte vi at vi skulle til Danmark!


Det vart møtt med stor entusiasme!


Så forlet vi moderlandet - for ei lita stund.


Ute på Skagerak. Berre havet, himmelen og oss. Og ein og annan lastebåt.


Første glimt av vårt gamle tvillingland:


Så køyrde vi til den vesle bygda Roslev i Midt-Jylland, og installerte oss der. Den første, lange reisedagen var over.

Morgonen etter vakna vi litt etter litt, og sette oss etterkvart i bilen igjen.


Mål: Billund og Legoland!


Det store utkikkstårnet:


Ikkje så verst utsikt, nei!


Togtur over duploland:


Legofontene! Jens i ny Legoland-caps, og Lise med ny Lego-krone...


Det er fascinerande å gå rundt og sjå alt dei har bygd opp av legoklossar:


Modell av flyplassen i Billund:


Legotoget:


Signe var særleg fascinert av alle toga som køyrde rundt blant modellane.


Ein ekte karusell!


Så tok vi oss ein tur opp i borga og skaut vatn på dei i båtane. Før vi visste ordet av det var vi plutseleg fremst i ein kø, og havna i ein båt sjølv... Det var ein våt fornøyelse!


Lise på safaritur blant imponerande legodyr:


Signe sitt høgdepunkt: Flykarusellen! Dei store duploflya gjekk i passe fart, og litt opp og ned, og latteren og vinkinga var så å seie non-stop heile flyturen...


Til slutt: Sjekk desse stilige legofigurane vi komponerte i Lego-butikken! Til venstre er Lise si klovneprinsesse (med handjern!), Jens sin cowboy i midten og Nina sin sjørøver til høgre.


Ingen kommentarer: